Marius Rosbach til NETT NO 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPPDRETT: Petter Stordalen kjøper seg opp i Atlantic Sapphire. Her vert Stordalen intervjua av journalist Marius Rosbach under eit besøk på Kleven Verft.
Nytt

Stordalen på botnfiske i oppdrettsselskap

Har kjøpt 450.000 aksjar i Atlantic Sapphire.

31.01.2022

Ferske aksjonærlister viser at Petter Stordalens investeringsselskap Strawberry Capital sit på 450.000 aksjar i oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire. Dette utgjer 0,5 prosent av aksjane i selskapet, skriv DN.no.

Det Vikebukt-baserte oppdrettsselskapet satsar stort på landbasert oppdrett i Homestead, Florida og i Hvide Sande, Danmark.

Stort kursfall
Men siste året har aksjekursen dala kraftig etter ein brann ved anlegget i Danmark, samt at det har vore problem med produksjonen i Florida.

På eitt år har kursen falle over 73 prosent. Berre siste månaden er kursfallet på 11 prosent.

Opptur
Måndag har derimot Atlantic Spphire-aksjen ein bra dag på børsen med ein oppgang på rundt 7 prosent. Heile selskapet er no prisa til 3,4 milliardar kroner.

DN.no skriv at Stordalen har planar om å auke investeringsportefølgjen i Strawberry Equity frå sju til 15 milliardar kroner innan tre til fem år.

Stordalen og Strawberry Capital er saman med Hurtigruten ASA medeigar i Myklebust Verft i Sande etter at selskapet selde seg ut av Kleven-verftet i Ulstein.

Publisert: 31.01.2022 15:24

Sist oppdatert: 31.01.2022 17:24

Mer om