Forlenga Havila-kontrakt
Subseaskipet til reiarlaget får nokre nye månader i arbeid for Nexans.
Havila Shipping har fått forlenga oppdraget til subseaskipet Havila Phoenix for Nexans Norway fram til februar neste år.
Reiarlaget har inngått kontrakt om 100 nye dagar med moglegheiter for 40 dagar ekstra, ifølgje ei børsmelding måndag. Nexans har hatt Havila-skipet i arbeid sidan april.
Fekk terminert kontrakten
Deep Ocean hadde Havila Phoenix i arbeid heilt frå 2013, men langtidskontrakten blei sagt opp i vinter.
Havila Shipping kravde kring 400 millionar etter kanselleringa, men fekk berre kring ein tidel, melde Finansavisen tidlegare i år.
Det knappe 125 meter lange skipet ble levert frå Leirvik-verftet i 2009.
Les også
Bourbon-kontrakt
Måndag melder også Bourbon-reiarlaget at forsyningsskipet Bourbon Monsoon har fått arbeid med Vår Energi i ein månad.
Dei gjennomsnittlege ratane i spotmarknaden for PVS-ane har vore høgare enn i fjor, medan ratane for ankerhandteringsskipa har vor dårlegare, viser ei oversikt frå Westshore Shipbrokers.
Publisert: 23.08.2021 15:00
Sist oppdatert: 23.08.2021 15:11