Jørn Skaane Lefdal Mine Datacenter foto Ogne
PLUSS: I 2025 vil Lefdal Mine Datacenter vise eit positivt driftsresultat før av - og nedskrivingar, etter dagleg leiar Jørn Skaane si vurdering. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Store investeringar pregar datasenter

126 millionar i minus på tre år.

06.07.2023

- Vi er i ein byggefase no. Det tek litt tid før inntektene kjem opp og skaleringa slår inn, sa dagleg leiar Jørn Skaane då 2021-rekneskapen til Lefdal Mine Datacenter blei offentleg i fjor.

Den vurderinga gjeld også i år. Inntektene aukar, men datalagringselskapet i den nedlagde olivingruva i Lefdal ved Nordfjorden har framleis eit tosifra millionunderskot (sjå tabell).

Det samla underskotet dei tre siste åra er 126 millionar kroner.

I 2025 reknar Skaane vil få eit positivt resultat før av- og nedskrivingar (ebitda). I fjor var ebitda minus 5,7 millionar kroner, i 2020 minus 15 millionar.

2023 blir eit år omlag som i 2022, anslår han.

Store investeringar
Då eit fond forvalta at det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments blei ny storaksjonær i Lefdal Mine Datecenter i 2020 sa Skaane at det skulle investerast 200 millionar kroner i datalageringsenteret i løpet av 2021 og 2022.

Den største investeringa, som er gjort, er å utvide straumtilførselskapasieteten till anlegget.

Selde seg ut
Dei store investeringane for å utvide datalagringsenteret var ei av årsakene til at dei lokale grunnleggarane av Lefdal Mine Datacenter valde å selje seg ut.

Blant dei var Sogn og Fjordane Energi, Coast Seafood, og selkap med Gunnar Carlson, Svein og Kristian Skibenes, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel som medeigarar.

Lefdal Mine Datacenter as
Tal i mill. kroner20222021

Driftsinntekt

69,853,3
Driftsresultat-23,0-32,0
Resultat før skatt-45,6-56,9

Publisert: 06.07.2023 11:53

Sist oppdatert: 06.07.2023 11:53

Mer om