Jets
NOK EIT GODT ÅR: Even Fylling, Jan Tore Leikanger og Ole-Christian Fotland i Jets - her under Nor-Shipping - fekk eit nytt godt år i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Store på cruise - satsar meir på land

Nytt solid år for Hareid-selskapet. Trur største veksten framover kjem på landsida.

25.07.2022

Konserntala for Jets-konsernet på Hareid er enno ikkje klare, men selskapet har no lagt fram årsresultatet for Jets Vacuum, som er hoveddelen av verksemda.

Og nok ein gong leverer Jets Vacuum svært sterke tal, med ei omsetning i 2021 på 386,9 millionar kroner og eit resultat før skatt på solide 56,5 millionar (sjå tabell under).

Dei siste seks åra har Jets Vacuum samla levert eit resultat før skatt på 234,6 millionar kroner.

Jets Vacuum
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 386,9 359,8
Driftsresultat 52,8 35
Resultat før skatt 56,5 41,1
Scarlet lady
CRUISE: Scarlet Lady frå Virgin Cruises er eitt av mange cruiseskip med Jets-toalett om bord. No skal selskapet vekse meir på land. Foto: Virgin Cruises

4.300 passasjerar
Jets Vacuum er store på levering av komplette toalettsystem ved bruk av vakuumteknologi til cruiseindustrien.

Blant anna har selskapet opplyst til NETT NO at ein av dei største kontraktane er til cruiseskipet Princess Sphere til Princess Cruises. Dette skipet skal vere ferdig i 2023, og skal kunne ta 4.300 passasjerar.

Militærfartøy
Skipet er under bygging ved Fincantieri sitt verft i italienske Monfalcone.

I tillegg har selskapet kontrakt på leveransar til selskap som Norwegian Cruise Line, MSC Cruises, og sir Richard Branson-eigde Virgin Atlantic.

Også innanfor militærfartøy, blant anna hangarskip, har selskapet fått større kontraktar.

Mobile løysingar
I 2021 kom 74 prosent av salet frå maritime sanitærløysingar.

Men no viser styret i årsrapporten til at det framleis er stor usikkerheit rundt bygging av nye skip. Samstundes satsar selskapet stadig meir på landbaserte løysingar. Det gjeld mobile løysingar, til dømes ved bruk på festivalar, men også inn mot hytter, hus, supermarked og næringsbygg.

Styret forventar vidare vekst framover, men spesielt i den landbaserte delen.

Kinesisk tap
Jets Vacuum har eiga avdeling i tyske Ratzeburg, og dotterselskap i Norge, Sverige, Danmark, Østerrike, Latvia og Kina, der den kinesiske delen gjekk med tap i fjor, medan dotterselskapet i Latvia leverte godt.

Jets Vacuum hadde ved årsskiftet 125 tilsette, der 46 var kvinner.

Selskapet er heileigd av Jets-konsernet, der Stokke Industri er største eigar med 72,9 prosent av aksjane.

Jets-eigarane kunne for 2021 ta ut eit utbyte på 30 millionar kroner frå Jets Vacuum.

Publisert: 25.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 24.07.2022 19:02

Mer om