Rem energy montasje kleven nes bru 11
NY BRULØYSING: Til venstre slik skipet skal bli sjåande ut når det er ferdig. Rem Energy blir det første vindskipet med bruløysinga Raven Ins frå NES: Illustrasjon/Foto: Havyard Design & Solutions /Marius Rosbach/NES
Nytt

Storkontrakt på Rem Offshore-skip

Sikra vindskip-kontrakt nummer 11 på skip som byggast ved Kleven.

Marius Rosbach
03.03.2021

Norwegian Electric Systems (NES) har inngått en avtale med Green Yard Kleven om totalleveranse på vindskipet Rem Offshore har under bygging ved verftet.

NES er ein del av nye Hav Group som er skilt ut av Havyard-konsernet, og skal noterast på Oslo børs torsdag. Avtalen er den 11. leveransen selskapet signerer i marknaden for serviceskip til vindkraft.

Klargjort for større batteripakke
Kontrakten inkluderer levering av energidesign og smarte kontroll-løysingar om bord på det nær 90 meter lange skipet som vil få namnet Rem Energy. Om bord blir det ei mindre batteripakke, og det er klargjort for å installere ein større seinare, ifølgje ei pressemelding frå NES.

Skipet skal leverast mot slutten av året og har skal rett ut i eit fem-årsoppdrag for Siemens Gamesa Renewable.

Først ut med ny bruløysing
Mellom anna blir skipet først ut i dette segmentet til å få installert den integrerte bruløysinga «Raven Ins», der det er utvikla eit felles datasystem for brua, i staden for at det er sydd saman ulike programvarer.

– På denne type fartøy kjem eit integrert navigasjonssystem verkeleg til si nytte, med eit brumiljø med mange ulike operatørstasjonar som krev optimal samhandling mellom system og operatør, fortel salsansvarleg for «smart control»-produkt i NES, Svein Ove Farstad, i ei pressemelding.

Publisert: 03.03.2021 12:18

Sist oppdatert: 03.03.2021 12:38

Mer om