Storkontrakt til USA traalar
KONTRAKT: Storkontrakt til OptimarStette, her ved  Frode Kjølås, Asbjørn Solevågseide og Peter Stette under Norfishing i Trondheim.
Nytt

Storkontrakt til USA-trålar

OptimarStette skal levere ein komplett fiskefabrikk til ein kunde i USA.

25.08.2016
Fabrikken skal installerast om bord i ein 80 meter lang fabrikktrålar, og vil ifølgje selskapet setje ny standard for automatiserte fiskefabrikkar om bord.
Dette opplyser selskapet i ei pressemelding torsdag.
Båten skal leverast i løpet av 2018 og vil ha ein kapasitet på 150 tonn.
Den komplette automatiserte fabrikken frå OptimarStette vil mellom anna innehalde automatiserte frysarar, frysehotell, produktheiser, vege-system, pakkelinjer og ein nyutvikla maskin for å kappe hovudet av fisken.

Kuttar kostnader

OptimarStette skriv i pressmeldinga at den automatiserte fabrikken er ekstremt effektiv, reduserer behovet for manuell arbeidskraft til eit minimum og sikrar topp kvalitet på fisken.
- Sluttresultatet er produkt av høgaste kvalitet, men til langt lavere kostnader for kundane enn tradisjonelle prosessmetoder der mykje vert gjort for hand, vert det sagt.

Rekordstor kontrakt

Leveransen av fiskefabrikken er ei av dei største kontraktene i selskapet si historie, men OptimarStette vil ikkje opplyse summen eller kven kontrakten går til.
OptimarStette hadde i fjor ei omsetning på 321 millionar kroner og eit driftsunderskot på 33 millionar kroner. Auka avskrivningar og tidsavgrensningsposter forklarer ein del av resultatnedgongen i forhold året før.

Les meir her:


Sluttresultatet er produkt av høgaste kvalitet, men til langt lavere kostnader for kundane

Publisert: 25.08.2016 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59