Storsal og ekstrashow på Løvenvold
Momentium er truleg i ferd med å sette billettrekord i Ålesund.
Momentium planlegg oppstarten for Ålesund sin nye storstove på Løvenvold Theater i haust. Førebels ser det meste svært lovande ut.
Billettsalet til opningsshowet med Are Kalvø, Terje Sporsem og Hilde-Marie Kjersem har teke heilt av. Torsdag gjekk dei ut med ti ekstraframsyningar.
– Eg trur all energien og engasjementet som er kring Løvenvold, har ført til at folk faktisk har kjøpt billett og vil ta i bruk plassen, seier Kathrine Synnes Finnskog til NETT NO.
Den tidlegare eksportsjefen for norsk musikkbransje er den som held i trådane ved Løvenvold-prosjektet, og jobbar samtidig med forretningsutvikling i konsernet.
Har selt over 4000 billettar
Med 9 av 15 show utselt på kort tid, er dei truleg i ferd med å sette rekord i talet på selte billetar til ei framsyning i byen. Til no er over 4000 av 6500 billetar selt, og framleis er det eit halvt år til premieren i slutten av oktober.
– Vi sel allereie jamnt av ekstraførestillingane vi la ut i dag, fortel Finnskog.
Ho legg ikkje skjul på at dei har vore spente, ettersom det er mykje nytt på ein gong – alt frå lokale til organisasjon, og til sjølve showet.
– Med eit slikt type show kan vi også vise oss fram nasjonalt. Vi ønsker å bli ein naturleg spelestad for nasjonale artistar og komikarar som er på vegen, fortel Finnskog.
Vil få til «ein god miks»
Finnskog trur Løvenvold har svart på eit ønske om at det skal skje noko i det tradisjonsrike lokale byen, og er overtydd om at det er rom for den nye kulturscena.
Ho omtalar prosjektet som eit «hjartebarn» for heile organisasjonen. Her skal porten vere høg og vid for kva som skal skje. I løpet av hausten vil dei teste ulike typar konsertar, bokbad, barneteater og kino.
– Vi skal forsøke få ein god miks, også trur eg det blir ein hektisk julebordsesong, legg Finnskog til.
Publisert: 27.04.2023 14:35
Sist oppdatert: 28.04.2023 09:39