Storsatsing av Fosnavaag Pelagic
SATSAR: Fosnavaag Pelagic vil utvide og over til heilårsdrift. No planlegg ein å byggje eit mudringsdeponi framfor dagens kai, og utvide med ny kai fram til fiskerikaia på Indre Almenning i Fosnavåg.
Nytt

Storsatsing av Fosnavaag Pelagic

Kvitfiskmottak, heilårsdrift og minst 50 nye arbeidsplassar. Det er planane til Fosnavaag Pelagic etter at kommunen opnar for deponiløysing i indre hamn i Fosnavåg.

11.03.2016
"Vi set pris på at politikarane i Herøy kommune ser betydninga av denne verksemda, og framtida for Fosnavåg som fiskerihamn. I tillegg til eksisterande verksemd vil 50 nye arbeidsplassar åleine bety ein pengestraum på rundt 30 millionar kroner berre i form av lønsinntekter - og dermed skatteinntekter til kommunen."
Dette skriv styret i Fosnavaag Pelagic i ei pressemelding.
Det har vore langvarig strid om kvar mudringsmassa i Fosnavåg hamn skal deponerast. No har kommunestyret slutta seg om eit forslag om at deler av massa kan deponerast i indre hamn, der Fosnavaag Pelagic held til.
Sunnmørsfisk, det tidlegare kvitfiskmottaket i Fosnavåg, er no ikkje i drift, men den nye løysinga til Fosnavaag Pelagic opnar for at det også i framtida kan vere kvitfiskmottak i Fosnavåg.
I tillegg inneber planane at ein kan doble kapasiteteten og i større grad få til heiltidsdrift ved dagens pelagiske anlegg.
"Kvart skipsanløp dreg også ekstra aktivitet med seg. Vi reknar at dette kjem til å bety rundt 120 skipsanløp per år. Muligheitene for andre servicenæringar å styrke eksisterande verksemd, eller etablering av nye verksemder i Fosnavåg, vil få vesentleg bidrag med ein slik tilgang på nye potensielle kundar", fastslår styret.

Overtok etter konkurs

Fosnavaag Pelagic vart etablert i slutten av 2013 etter at Fosnavaag Seafood vart slått konkurs. Bak nysatsinga står Nils Sperre Eiendom med 50,1 prosent, Vedde med 29,6 prosent, Remøy Group med 10,1 prosent og Finnmin Eiendom med 10,1 prosent.
I 2014 omsette selskapet for 282 millionar kroner og sat att med eit resultat før skatt på vel fem millionar.
No skal anlegget kraftig utvidast, delvis med eigne midlar, delvis gjennom delfinansiering av Kystverket for bygging av ny kai.
Fosnavaag Pelagic rosar kommunen.
"Som grunneigarar på indre hamn og aktør i fiskeriforedlingsindustrien, er vi takknemlege for at kommunestyret i Herøy har opna for mulegheita av å etablere deponi framfor vår eigedom," skriv styret.

- Må ikkje berre sjå på kostnad

I dag skjer produksjonen ved anlegget i stor grad under sesongane for makrell og sild, til saman rundt fem måneder i året.
"Ved at det vert etablert meir plass framfor dagens anlegg, vil det gjere det muleg å utvikle anlegget og utvide kapasiteten betydeleg. Vi ser for oss at når alt er ferdig utbygd, vil vi kunne ta i mot minst det dobbelte av dagens volum på ca 30.000 tonn."
Fosnavaag Pelagic meiner samstundes at det er viktig og rett at kommunen fokuserer på dei langsiktige mulegheitene dette vil gi for kommunen, og ikkje berre einsidig fokuserer på investeringskostnaden ved etableringen av eit deponi.
"I ei tid som vi er inne i no der ein må arbeide for omstilling frå olje og gassrelatert verksemd, er dette ei god mulegheit for Herøy å få større tyngde innanfor ein industri som dei har historiske og komparative fortrinn for. Fosnavaag Pelagic har i dag ein sterk eigarstruktur, med kapital og mykje kompetanse innanfor både produksjon og marknad i den pelagisk fiskeriindustrien som er ein sterk og ikkje ubetydeleg strategisk fordel for selskapet."

Automatisering og robotisering

Styret viser også til at selskapet er godt innarbeidd og har heile verda som sitt nedslagsfelt for pelagiske produkt.
"Målet framover er å videreutvikle dette og stadig lage meir bearbeidde produkt som marknaden etterspør."
"Vi ser at ein stadig større grad av automatisering og robotisering gjer det muleg også for denne type industri å vere konkurransedyktig i Norge", skriv styret.
Vi ser at ein stadig større grad av automatisering og robotisering gjer det muleg også for denne type industri å vere konkurransedyktig i Norge

Publisert: 11.03.2016 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54