Nordfjord Kjøtt
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stort utbrot ved Nordfjord Kjøtt

Kring 100 tilsette vekke frå jobb.

07.02.2022

Fredag var om lag 100 tilsette vekke frå jobb ved Nordfjord Kjøtt i Loen, grunna korona, ifølgje lokalavisa Fjordingen.

Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg fortel til avisa at eit slikt sjukefråver utgjer mellom 20 og 30 prosent av arbeidsstokken i bedrifta.

Han fortel at det har mellom anna har omplassert tilsette, stoppa inntak av slakt og stoppa noko produksjonen, for å handtere utfordringane.

– Korona har kosta oss enormt i sjukefråver, sidan pandemien trefte landet i mars 2020. Folk har vore forsiktige og vore heime for å hindre smittespreiing i bedrifta. Det har vore veldig dyrt for oss. Så no håpar eg vi blir ferdige. Inntil det kjem ein ny variant, seier han til avisa.

Etterspørselen etter norskeproduserte varer har samtidig auka betydeleg under pandemien.

Roksvåg reknar med at dei har meir normal bemanning i løpet av veka.

Publisert: 07.02.2022 13:08

Sist oppdatert: 07.02.2022 13:11

Mer om