Stortingshoeyring om ferjeopproeret
Nytt

Stortingshøyring om ferjeopprøret

– Eg vil bruke høyringa til å få fram kva vi har gjort, og korleis fylkeskommunens eigne prioriteringar har vorte gjorde, seier Helge André Njåstad (Frp). 

Marius Rosbach
10.02.2020
(NPK-NTB): Stortingets kommunalkomité køyrer 25. februar ei full høyring for å gå gjennom alle aspekt ved ferjeopprøret så breitt som mogleg.
Høvet for høyringa er eit frå Senterpartiet om betre ferjepolitikk for Distrikts-Noreg.
– Vi køyrer ei full høyring for å få klarleik i dette. Eg vil bruke høyringa til å få fram kva vi har gjort, og korleis fylkeskommunens eigne prioriteringar har vorte gjorde, seier Helge André Njåstad (Frp), som er saksordførar for forslaget i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité.

Meir om saka:



– Må kome til botns

– Vi må kome til botns i kva som gjer at fylkeskommunane har fått meir pengar, utan at dei har brukt dei til å setje ned takstane, seier han til NTB.
Njåstad viser til at kommuneproposisjonen og statsbudsjettet er dei viktigaste stolpane i arbeidet med eventuelt å få gjort noko med ferjeprisane. Kommuneproposisjonen for neste år kjem i mai, samtidig med revidert nasjonalbudsjett for 2020. Statsbudsjettet for neste år kjem først i oktober.
– Vi har no ei mindretalsregjering, så løysinga må liggje i Stortinget. Tilnærminga vår vil vere å samtale med regjeringspartia for å finne gode løysingar for næringslivet, pendlarane og dei som bruker ferjene, seier Njåstad.

Sterke protestar

Både i Vestland, Nordland og Møre og Romsdal har det den siste tida vore protestar mot auka prisar på ferjebillettar.
Facebook-gruppa «Protest mot økte fergetakster Møre og Romsdal» har på kort tid fått over 24.000 medlemmer.
I Møre og Romsdal har passasjerane på fleire ruter meir auke i vente, når Autopass-ordninga blir teke i bruk til sommaren.
(©NPK)

Les også:






Analyse

:

Synspunkt:


Publisert: 10.02.2020 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52