Nær tre laksemilliardar til utlandet i fjor
Her er reknestykket som Senterpartiet brukar til å forsvare den nye lakseskatten.
NPK-NTB-Bibiana Piene: – Denne oversikta viser at det er store milliardoverskot som forsvinn ut av landet frå dei store lakseselskapa, seier Sp-nestleiar Ola Borten Moe til NTB.
– Det er viktig at meir av dei store verdiane som blir skapte i norske fjordar og langs den norske kysten, blir igjen i Noreg, i staden for at dei blir sende ut av landet til multinasjonale selskap og utanlandske investorar, slår han fast.
Oversikt
Ifølgje utrekninga til Senterpartiet er eigd 48 prosent av aksjane i dei fem største havbruksselskapa – Mowi, Salmar, Lerøy, Cermaq og Grieg – av utanlandske eigarar. Blir det sjette største selskapet teke med, Norway Royal Salmon, er den utanlandske eigardelen på 43 prosent.
Mowi er det største selskapet med ein anslått marknadsverdi på 71,5 milliardar kroner. På eigarsida er det 75 prosent utanlandsk eigarskap.
I fjor betalte Mowi vel 2,3 milliardar kroner i utbytte til eigarane. Av dette vart litt over 1,7 milliardar sende ut av Noreg.
Nummer to på lista, Salmar, betalte ut i overkant av 2,35 milliardar kroner i utbytte. Av dette gjekk nesten 650 millionar kroner til utanlandske eigarar.
Utrekninga er gjennomført ved at Senterpartiet har skaffa seg oversikt over alle aksjeeigarane i dei respektive selskapa den siste veka, ned til ein eigardel på 0,1 prosent. Deretter har dei rekna ut kor stor del av det utbetalte utbyttet som har vorte dei utanlandske eigarane til del.
Forsvar
Reknestykket er utarbeidd som eit forsvar for regjeringsforslaget om ein grunnrenteskatt på 40 prosent og ein samla skatt på 62 prosent for den norske havbruksnæringa.
Både havbruksnæringa og parti på høgresida har reagert kraftig på skatteskjerpinga, som er venta å drive inn mellom 3,6 og 3,8 milliardar kroner i årlege inntekter.
– Eg meiner det er rett og rimeleg at vi no tek noko av dette overskotet og beheld det i Noreg, til bruk for det norske fellesskapet. Dette er pengar som kan brukast på forsvar, skule, politi og barnehage, seier Borten Moe.
– Senterpartiet ønskjer at delar av milliardoverskotet frå dei største havbruksselskapa skal komme tilbake til lokalsamfunna og kommunane som stiller areal til rådvelde. Det er det innføringa av grunnrenteskatt for havbruksnæringa handlar om, seier han.
Borten Moe påpeikar også at grunnrenteskatten ikkje gjer nokon forskjell på norske og utanlandske eigarar, i motsetning til formuesskatten.
– Framleis lønnsamt
Sp-nestleiaren peikar på at storleiken på utbytta viser at det framleis vil vere lønnsamt å drive med lakseoppdrett i Noreg.
I alt vart det utbetalt over 6,6 milliardar kroner i utbytte frå dei fem største selskapa i fjor.
– Når dei aller største oppdrettsselskapa har høve til å gi så store utbytte til eigarane sine, viser det at det framleis vil vere stor lønnsemd sjølv om dei må bidra litt meir til fellesskapet. Dei kjem framleis til å tene gode pengar, seier Borten Moe.
Les også
Blir grunnrenteskatten på oppdrett innført, vil det ta lang tid å få skatteauken bort.
Oppdrettselskapa har dratt i handbremsa. Eksportør i Ålesund fryktar skatteauke bremsar laksesalet.
Publisert: 21.10.2022 07:06
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:57