Elpris
PRISHOPP: Kraftig hopp i straumprisen onsdag morgon på Nordvestlandet. I tillegg til spotprisen kjem nettleige og andre avgifter. Skjermdump frå Statnett
Nytt

Straumprisen rett til vêrs i nordvest

Prisen like høg på Nordvestlandet som i sør- og aust-Norge.

02.02.2022

For første gong på fleire månader har Nordvestlandet like høg straumpris som resten av landet.

Onsdag morgon er spotprisen for elektrisk kraft 136,92 øre kWh på Nordvestlandet. Same prisen har aust-Norge, medan Sørlandet ligg nokre få øre lavare.

Lenge har Nord-Norge og Nordvestlandet hatt den same elspotprisen. Det er ikkje tilfelle no. Nord-Norge har onsdag morgon ein spotpris på 14,95 øre/kWh.

Kraftig auke i natt
Også Danmark og Sverige har ein spotpris på 136,92 øre kWh, medan Finland og Baltikum har litt høgare. Dette viser tal frå Statnett.

Den kraftige prisauken på Nordvestlandet skjedde i morgontimane onsdag.

Ved midnatt var spotprisen i nordvest på 23,74 øre kWh, medan prisen var 112,31 øre kWh i sør- og aust-Norge.

Meir vindkraft
Samstundes viser ferske tal at det vart produsert 9,9 terawattimar med vindkraft i Noreg i 2020. Det er heile 79 prosent meir enn i 2019.

Det svarer til gjennomsnittsforbruket til rundt 620.000 hushald, skriv Statistisk sentralbyrå.

Det har vorte bygd mange nye vindkraftverk i Noreg dei siste åra. Mesteparten av dei 154,2 terawattimane med elektrisitet som vart produsert i Noreg i 2020 var likevel framleis vasskraft. 91,8 prosent av kraftproduksjonen i Noreg kom frå vasskraft, går det fram av ein annan SSB-statistikk.

Den totale produksjonen var 14,3 prosent høgare enn i 2019. Det kjem mellom anna av velfylte vassmagasin. Mest kraft vart det produsert i Vestland fylke.

Publisert: 02.02.2022 07:23

Sist oppdatert: 02.02.2022 17:01

Mer om