Andreas Andenæs daglig leder i Christie foto Ogne
MANGE I STREIK: Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs merkar godt at om lag halve arbeidsstokken har lagt ned arbeidet som følgje av storstreiken. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Streiken bremser bygg- og verftsoppdrag

Entreprenørselskap går for «halv maskin» og Vard stoppar elektroarbeid.

Marius Rosbach
17.04.2023

Kring 25.000 LO- og YS-tilsette over heile landet gjekk ut i streik frå måndag morgon.

Tilsette ved ein rekke industri og entreprenørbedrifter er mellom dei som er tekne ut på Nordvestlandet (sjå lista under saka).

Hos Christie & Opsahl i Molde er kring 80 tilsette i streik, som utgjer nærare halve arbeidsstokken.

- Vi merkar det godt, seier administrerande direktør Andreas Andenæs til NETT NO.

- Produksjonstakta går ned
Enkelte prosjekt er ramma meir enn andre, fordi dei har fleire tilsette som er organiserte. Andre prosjekt går tilnærma som normalt, ifølgje Andenæs.

- Vi forsøker å halde prosjekta i gang så godt det let seg gjere innafor dei spelereglane vi skal følgje. Produksjonstakta går ned, men det stoppar ikkje heilt opp fordi vi har uorganiserte som kan halde ting i gang, legg han til.

Christie & Opsahl har nærare 200 tilsette og har avdelingskontor i Ålesund, Ørsta og på Åndalsnes.

Elektroarbeid blir stoppa
Også verftsindustrien er ramma ved at mellom annna 82 tilsette ved Vard Electro streikar.

Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll seier dei tilsette som er i streik, har vore i jobb ved ulike Vard-avdelingar. Kva konsekvensar streiken får, er det for tidleg å seie, ifølgje Akselvoll.

- Det avhenger av lengda på streiken og korleis den utviklar seg vidare, seier ho til NETT NO.

- Krev auka kjøpekraft
Tore Sunde er tillitsvalt for dei 82 medlemmane i El og IT-forbundet som er tekne ut i streik. Han fortel at dei held seg til informasjonen dei får frå organisasjonen.

- Konflikten står om at vi krev auka kjøpekraft, noko motparten ikkje ville vere med på. Dermed enda det dessverre i brot og konsekvensen er at vi står i denne streiken, seier han til NETT NO.

Til saman har Vard Electro kring 230 tilsette med arbeidarar og administrasjon.

Fleire enn 400 i streik
Søndag blei det kjent at nær 440 tilsette ved Ekornes er tekne ut i streiken. Hovudtillitsvalt Edvar Lie fortel at det alle dei som er organisert i Industri Energi-forbundet i hovudfabrikken på Ikornnes i Sykkylven.

- Ein må ta ut alle eller ingen i ein slik situasjon, seier han uttaket.

Han trur det blir vanskeleg å halde produksjonen i gong utover nokre få dagar. Dei andre Ekornes-avdelingane er ikkje ramma av streiken per no.

Disse ferjesambanda blir ramma på Nordvestlandet

Fjord1 ASRute C Halsa – Kanestrøm
Fjord1 ASRute C Hareid -Sulesund
Fjord1 ASRute B Magerholm- Sykkylven
Boreal sjø ASRute B Molde – Vestnes
Fjord1 ASRute B Seivika- Tømmervåg
Norled ASRute C Solevågen -Festøya

Disse bedriftene er tatt i streik av LO i første uttak:

  • Adecco Solutions AS, Avd. B&A Ålesund
  • Anticimex AS, Ålesund
  • Anticimex AS, Avd Nordvest, Ålesund
  • Polygon As, Avd Ålesund, Ålesund
  • Bravida Norge AS Avd Ålesund
  • Caverion Norge AS Avd Ålesund
  • Veidekke Industri AS, Asf Ålesund
  • Recover, Ålesund
  • Veidekke Industri AS, Pg Knuseverk, Sandshamn
  • Recover, Volda
  • Veidekke Industri AS, Asf Ørsta
  • Poly Har AS, avd. Vartdal
  • Poly Har AS, Avd. Ualand, Vartdal
  • Ekornes AS, avdeling Ikornnes
  • Vard Electro AS, Tennfjord
  • Adima Energy AS, Brattvåg
  • Veidekke Entreprenør AS, Region Nord/Vest Åndalsnes
  • Adecco Solutions AS, Avd. Molde
  • Ts Group AS Avd Molde
  • Christie & Opsahl AS, Molde
  • Linjebygg AS Avd Molde
  • Recover, Molde
  • Veidekke Industri AS, Asf Molde
  • Preplast Industrier AS, Elnesvågen
  • Veidekke Industri AS, Asf Kristiansund
  • Betonmast Røsand AS, Averøy
  • Norsk Hydro ASA, avd Sunndalsøra
  • Consto Midt-Norge AS Avd Surnadal
  • Fjord1 AS Rute C Halsa - Kanestraum
  • Boreal sjø AS Rute B Molde-Vestnes
  • Fjord1 AS Rute C Hareid - Sulesund
  • Fjord1 AS Rute B Seivika - Tømmervåg
  • Norled AS Rute C Solavågen - Festøy
  • Fjord 1 Rute B Magerholm - Sykkylven
  • Felleskjøpet ÅLESUND 6110 BUTIKK
  • Felleskjøpet MOLDE 7310 BUTIKK
  • Felleskjøpet ELNESVÅGEN 7313 BUTIKK
  • Felleskjøpet VOLDA 7110 BUTIKK
  • Securitas Technology AS, Avd. Ålesund

(kilde NRK)

Disse bedriftene er tatt i streik av LO i andre uttak:

  • Celsa Steel Service AS Avd Ålesund
  • Obos Block Watne Entreprenør AS Ålesund
  • Schenker AS, Avd. Ålesund
  • Sunde AS. Sundolitt Ålesund
  • Eviny Solutions AS Avd Ålesund
  • Pon Equipment AS, Ålesund
  • Pon Power AS Avd Salgskontor Ålesund
  • Moelven Modus AS, Avd. Ålesund
  • PostNord AS Avd. Ålesund
  • Schenker AS, Avd. Ålesund
  • Hg Teknikk AS
  • Hg Elektro AS
  • Ulstein Elektro Installasjon AS
  • Otera Infra AS AVD Møre Sør
  • Kongsberg Maritime AS Avd Ulsteinvik
  • Ulstein Elektro Installasjon AS
  • Brunvoll Volda AS
  • Eviny Solutions AS Avd Volda
  • Kongsberg Maritime AS Avd Brattvåg
  • Kongsberg Maritime AS Avd Longva
  • PostNord AS Avd. Åndalsnes
  • Glamox AS, Glamox Production Molde
  • Schenker AS, Avd. Molde
  • Obos Block Watne Entreprenør AS Molde
  • Nettpartner AS Avd Møre og Romsdal
  • Brunvoll AS, Molde
  • Protan Entreprenør Midt-Norge avd Møre og Romsdal
  • Gjøco AS, Torvikbukt

(kilde NRK)

Publisert: 17.04.2023 12:00

Sist oppdatert: 17.04.2023 15:40

Mer om