Stryn og Geiranger Nye teknologi skal verne mot ras
RAS: Senioringeniør Tore Humstad i Vegdirektoratet under rassikringskonferansen denne veka
Nytt

Stryn og Geiranger: Nye teknologi skal verne mot ras

Vegdirektoratet testar nye metodar for å varsle, overvake og sikre oss mot ras og skred. I prøveprosjekt i Stryn og på Sunnmøre skal infralyd fortelje om det er fare på ferde.

12.11.2014
(NPK-Benedikte Grov): I Grasdalen i Stryn og i Indreeidsdalen mellom Geiranger og Eidsdalen på Sunnmøre er sensorar lagt ut før vinteren. Dei skal varsle ved fare for skred.
– Sensorane fangar opp infralyd, lydar som menneske ikkje kan høyre, fortel Tore Humstad, senioringeniør i Vegdirektoratet.
Dersom det går skred blir det laga lyd i fronten av skredet. Slik kan ein finne ut både kvar det kjem frå og retninga det går i, opplyser han.
Metoden gir signal om at noko er på gang og moglegheit til å vurdere om det er nødvendig å stengje vegen.

Lysvarsling

I eit anna prosjekt Vegdirektoratet har ved skredløpet Utladøla i Veitastrond får trafikantar direkte beskjed om skred ved lysvarsling på staden.
– I Veitastrond er ein radar retta inn i eit konkret skredløp, som er kopla til eit trafikklys, fortel Humstad.

Nye moglegheiter

Infralyd- og trafikklysprosjektet var eitt av fleire senioringeniøren presenterte under rassikringskonferansen i regi av Nasjonal rassikringsgruppe denne veka.
For dei nye metodane er det mange av. I samband med rørslene i fjellet Mannen i Romsdalen blei det ut frå tallause enkeltbilete laga ein terrenganalyse av steinskredaktiviteten.
På strekninga Tyin-Årdal er bruk av sprengingstårn for kontrollert utløysing av skred, ferdig utprøvd.
Og i 2015 skal ein ny app for entreprenørar vere med på å kartleggje lokale fareteikn og vurderingar.

Reelt alternativ

Bruken av teknologi for skredovervaking, varsling og sikring er tenkt som eit supplement til meir tradisjonell ras- og skredsikring, fortel Humstad.
– Det er ein ekstra metode på lista. Vi presenterer nye moglegheiter, seier han.
Tradisjonell rassikring er kostbar å gjennomføre. Målsetjinga med dei nye metodane er å kunne varsle skredfaren så ein lokalt kan løyse ut skredet kontrollert. Slik kjem ikkje skreda overraskande på verken trafikantar eller personell.
– Det er målet vårt, å lage eit så godt system at det blir eit reelt alternativ mange stader. I mange tilfelle er det eit ønske om å ha vegen ute i dagen i staden for å gøyme han i ein tunnel, seier Tore Humstad.
Sensorane fangar opp infralyd, lydar som menneske ikkje kan høyre

Publisert: 12.11.2014 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38