rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsbilde: Marius Rosbach
Nytt

Sula-firma konkurs med milliongjeld

Tre misser jobben i selskapet som har vore i bransjen sidan 1980-talet.

Marius Rosbach
16.06.2022

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Betongservice på Eidsnes.

Selskapet melde sjølv oppbod og opplyste i retten at gjelda er på kring 2,1 millionar kroner. Verdiane blir anslått til nokre få tusen kroner.

Betongservice har hatt tre tilsette, men verksemda var innstilt på tidspunktet for konkursen.

Sula-firmaet har vore i bransjen sidan 1980-talet og har på det meste hatt inntekter på meir enn 14 millionar kroner. I 2019 fekk omsetninga ein knekk og enda på 4,5 millionar, medan den gjekk opp til 9,7 millioner i 2020.

Begge åra enda med underskott og eigenkapitalen var tapt ved utgangen av 2020.

Publisert: 16.06.2022 14:36

Sist oppdatert: 16.06.2022 18:59

Mer om