rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Sula-firma konkurs med stor gjeld

Har drive utleige av folk og vaskemaskinar.

Marius Rosbach
06.10.2023

Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i selskapet Fjordtrade.

Selskapet med adresse i Langevåg i Sula har drive utleige av ulike fagfolk og høgtrykksvaskarar, og blei starta opp i 2008.

Det var leiinga som melde oppbod til retten.

Frå 14 årsverk til 3 tilsette
Gjelda er opplyst å vere på nær 4,4 millionar og verdiane i selskapet er i underkant av ein halv million kroner, ifølgje rettspapira.

Fjordtrade hadde 14 årsverk så seint som i fjor, men berre tilsette var att då selskapet melde oppbod.

Bustyrar i saka er Anne Hovden og første skiftesamling er planlagt 20. november.

Underskot i fjor
2022-rekneskapen viser ei omsetning på drygt 9,5 millionar og eit underskott på kring 1,1 millionar kroner. Eigenkapitalen var tapt allereie ved årsskiftet.

I årsmeldinga går det fram at det er gjort økonomiske tiltak for å betre drifta, men revisor påpeiker at det er vesentleg usikkerheit kring vidare drift.

Publisert: 06.10.2023 15:19

Sist oppdatert: 06.10.2023 15:27

Mer om