Det kjem høgst sannsynleg til å bli offentlegjort fleire skipsbyggingskontrakter der skipsdesignselskapet Marin Teknikk står for designet i løpet av året, fortel styreleiar og medeigar Svein Rune Gjerde.
- Vi har ein god del ting på gang, så vi ser ei vesentleg forbetring dette året og neste år, seier Gjerde.
I dag kunne han og kollegaene markere offentleggjering av intensjonsavtalen mellom gruveselskapet De Beers og Kleven om bygging av det andre Marin Teknikk-designa spesialskipet for gruvedrift på havbotnen.
I dag er det rundt 50 på kontoret ved Dragsund i Herøy og 20-25 på kontora i Polen. Det er 15 færre i Dragsund og rundt 25 færre tilsette i Poeln i dag enn før nedturen i offshormarknaden, i følgje Gjerde.
Fleire av prosjekta Marin Teknikk arbeider med er det inngått kontraktar på, men dei er førebels ikkje offentlegjort.
I ei slik situasjon var ikkje til å unngå at det blei færre tilsette, i følgje Gjerde.
I dag er merksemda først og fremst retta mot fiskeri, yacht og andre typer skip, men selskapet har og offshore-prosjekt det arbeider med.
- Vi har ein god del ting på gang, så vi ser ei vesentleg forbetring dette året og neste år, seier Gjerde.
I dag kunne han og kollegaene markere offentleggjering av intensjonsavtalen mellom gruveselskapet De Beers og Kleven om bygging av det andre Marin Teknikk-designa spesialskipet for gruvedrift på havbotnen.
Meir i vente
Den siste permitterte i Marin Teknikk er snart i arbeid, men nedturen for offshorereiarane har gått hardt ut over bemanninga og gjorde også at driftsinntekter og lønsemda fall i 2016.I dag er det rundt 50 på kontoret ved Dragsund i Herøy og 20-25 på kontora i Polen. Det er 15 færre i Dragsund og rundt 25 færre tilsette i Poeln i dag enn før nedturen i offshormarknaden, i følgje Gjerde.
Fleire av prosjekta Marin Teknikk arbeider med er det inngått kontraktar på, men dei er førebels ikkje offentlegjort.
Fleire marknadar
I 2015 hadde Marin Teknikk 15 design på offshoreskip. I 2016 var det eitt og så langt i år ingen offshoreskip.I ei slik situasjon var ikkje til å unngå at det blei færre tilsette, i følgje Gjerde.
I dag er merksemda først og fremst retta mot fiskeri, yacht og andre typer skip, men selskapet har og offshore-prosjekt det arbeider med.
Publisert: 20.11.2017 16:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16