Sylvi Listhaug ny olje og energiminister
NY JOBB: Sylvi Listhaug (t.v.) frå Ørskog tek over jobben som olje- og energiminister. Her er sunnmøringen saman med statsminister Erna Solberg (H) og Terje Søviknes (Frp) på veg ut frå ekstraordinært statsråd.
Nytt

Sylvi Listhaug ny olje- og energiminister

Sunnmøringen skifter departement og får mellom anna vindkraft, havvind og elektrifisering som sine første arbeidsoppgåver. 

Marius Rosbach
18.12.2019
(NPK-NTB/NETT.NO): Sylvi Listhaug blir ny olje- og energiminister. Samtidig gjer Terje Søviknes comeback i regjeringa og tar over Listhaugs post som eldre- og folkehelseminister. Tidlegare olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) fekk avskjed i nåde under ekstraordinært statsråd på Slottet
– Som de ser, er det ikkje heilt nye fjes, men det er gjort to endringar i statsråd, sa statsminister Erna Solberg til NPK-NTB då ho kom ut på slottsplassen saman med dei to Frp-nestleiarane.

Flest spørsmål om Listhaug

På den påfølgjande pressekonferansen sendt direkte på mellom anna NRK dreia dei fleste spørsmåla om Sylvi Listhaug. Fleire journalistar viste til tidlegare utalar frå den både populære og kontroversielle politikaren om klima.
– Det er på tide å ta med seg kva Sylvi faktisk har sagt dei siste åra, kontra Erna Solberg og avviste at Listhaug var nokon form for klimafornektar.
– Ho er oppteken av breidde, men også å gå ned i eit område for å finne gode løysingar, la ho til.
Solberg ville heller ikkje gå med på at Listhaug si nye rolle, ville gi problem i forholdet til regjeringspartnaren Venstre.

Vindkraft, havvind og elektrifisering

Statsministaren trekte fram konsesjonsordninga på vindkraft, havvind og regulering av energimarknaden som viktige saker Listhaug ville få på sitt bord med det første.
– Også elektrifisering er eit viktig verktøy for å nå klimamåla og då er vi avhengig av at det er tilgang på energi der det er behov, la Solberg til.
Statsministeren viste til at Frp har hatt eit ønske om å ha begge sine nestleiarar inn i regjering - noko dei no får med Søviknes tilbake som statsråd.

Publisert: 18.12.2019 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48