Saetrenes bak storsatsing paa finansielt reiarlag
FINANS: Jostein Sætrenes har sett opp farta i bygginga av eit finansielt reiarlag, der planen er å kjøpe, eige, leige tilbake og til slutt selje offshoreskip.
Nytt

Sætrenes bak storsatsing på finansielt reiarlag

Dei lokkar med høg avkastning og har vidare vekst som mål. Det finansielle reiarlaget Sydvestor Shipsinvest AS vert styrt frå Ulsteinvik.

03.12.2013
- Vi er ein rein finansiell aktør, der vidare vekst og likviditet er sentralt for oss. Målet vårt er å ha minimum ti skip i løpet av eit par år. For å greie dette i ei kapitalkrevjande næring som shipping må det hentast inn pengar, ja, mykje pengar.
Dette seier Jostein Sætrenes, dagleg leiar i Sydvestor Shipsinvest AS.

Fire skip

Det starta i det små i 2010 då selskapet kjøpte 72 % i Havila-skipet "Havila Troll", og leigde skipet tilbake til Havila Shipping på ein åtteårig bareboat-avtale.
Seinare har selskapet skaffa seg ytterlegare tre skip. Først ute var 30 prosent eigarskap i ankerhandteringsfartøyet «Seacore Grant» saman med eit stort amerikansk reiarlag. Deretter vart det investert 25 prosent i konstruksjonsskipet «Grand Canyon» saman med Voldstad Maritime, eit skip som vart levert frå Fosen Verft i oktober 2012.
-Vi har no kjøpt 40 prosent i søsterskipet, eit skip som skal leverast i september 2014. Alle desse skipa går på lange TC-kontrakter, og dei nemnde reiarlaga driv skipa.
- Totalt har vi investert for rundt 150 millionar kroner hittil, men vi arbeider no med mange nye prosjekt, seier Sætrenes.

Lokale investorar

Sydvestor fungerer som tilretteleggjar og forvaltar.
Eit femtitals lokale investorar har hittil sett pengar i selskapet.
- Til dei som har hatt tru på oss og investert saman med oss så langt, har vi presentert ei målsetjing om minimum 7,5 % årleg nettoavkastning målt i innbetalt eigenkapital. Når skipa vert selde, er målet at årleg netto avkastning inklusiv salsgevinst skal vere minimum 15 %.
- Så langt har vi ikkje seld skip, men når det gjeld årleg avkastning har vi greidd å levere godt over målet, seier Sætrenes og viser til ei nettoavkastning for investorane på over 11 % per år dei to siste åra.

Kjøpe og leige tilbake

Han seier at det finst fleire årsaker til at ulike reiarlag ønsker å selje skip til eit finansielt reiarlag, og så leige skipa tilbake på langsiktige avtalar, inntil skipet vert tilbakekjøpt til avtalt pris eller til marknadspris.
- Slike modellar kan gje sårt tiltrengt kapital til selskapa ettersom dei sel skipa og får pengar tilbake. I tillegg til at dei får styrka likviditeten, reduserer dei gjeld, og får dermed styrka eigenkapitalen. Dette kan i neste omgang gjere dei i stand til å realisere nye og gode prosjekt.
- Vidare vil dei ved å bruke denne modellen framleis drive skipa og dermed ha kontroll over skipet og eventuelle kontraktar skipet har.
Sjølv om ikkje Sydvestor Shipsinvest er involvert i drifta av skipa, har selskapet likevel ei hand på roret.
- Vi tek sjølvsagt ein aktiv posisjon gjennom styrearbeid i dei ulike skipseigande selskapa for å følgje opp investeringane våre på ein god og aktiv måte.

Minimum 25 prosent eigardel

Sætrenes seier at sjølv om strategien for selskapet er å kjøpe, eige, leige tilbake og så selje, så går ein ikkje inn i prosjekt der selskapet ikkje får minst 25 prosent eigardel. Grunnen til dette er at ein som finansiell aktør har behov for å sikre seg at der er avtalt nokre prinsipp som regulerer «exit» i prosjekta.
Selskapet kan gi fødselshjelp til nye skip, men tek ikkje over skipa før dei er i sjøen. Dei er kun ute etter skipstypar det finst ein større marknad for, og stiller som krav at skipa det vert investert i har langvarige avtalar.
- Vi har svært stor tru på dette konseptet. Etter at vi har hatt ein forsiktig såperiode, er vi no klare til setje opp farta i bygging av selskapet.
- Målet er at vi relativt raskt skal ha ei portefølje på minst ti båtar. For å få den ønskja likviditeten i flåten må vi ha ei kritisk masse. Å selje skip undervegs er ein viktig del av konseptet, vi kan ikkje berre kjøpe.

Vil på børs

Han legg ikkje skjul på at ein leikar med tanken om børsnotering.
- For å oppnå den veksten vi ønskjer treng vi å auke kapitalbasen vår. For å oppnå det må vi tilby likviditet i aksjane og ikkje berre avkastning. Då er børsnotering den naturlege måten å gjere det på, samstundes som vi gjennom å børsnotere aksjane også får tilgang til kapital på ein heilt annan måte.
- Men, skal dette selskapet verte interessant for børsnotering, må vi bli større og det arbeider vi målbevisst med kvar dag. Når det er sagt, skal vi ikkje vekse for ein kvar pris, vi er nokså katolske på krava om at investeringane skal skje i gode skip, skip med kontraktar som gir god avkastning og ikkje minst saman med gode partnarar, det vere seg både med reiarlag og oljeselskap.

Sætrenes største aksjonær

I tillegg til å vere dagleg leiar, har Sætrenes sjølv gått tungt inn i prosjektet. Han er største aksjonær gjennom selskapet Sun Equity (10,7 %) og er også medeigar i Sydvestor som er nest største aksjonær med 8,9 %.
- Vi er av den oppfatninga at det er viktig å vise investorane våre at vi har tru på det vi driv med og dermed vere med som langsiktige eigarar sjølve også, er Sætrenes sin kommentar til dette.
Etter at vi har hatt ein forsiktig såperiode, er vi no klare til setje opp farta i bygging av selskapet

Publisert: 03.12.2013 06:54

Sist oppdatert: 14.02.2022 11:50

Mer om