Toerken Manglar for til 12 000 dyr
REGNMANGEL: Den varme og tørre sommaren skaper fôrproblem for mange bønder. Bøndene har sjølve meldt inn at dei manglar 39.000 rundballar. På Sunnmøre og Nordfjord er det meldt inn etterspørsel etter 1400 rundballar og at 215 dyr manglar fôr.
Nytt

Tørken: Manglar fôr til 12.000 dyr

Sommartørken er den verste sidan 1947, det manglar fôr til 12.000 dyr, og det kan gå mot masseslakt.

10.07.2018
NPK-NTB: Samla sett manglar bøndene som har registrert seg på nettsida forformidling.no 39.000 rundballar, fortel .
I Nordfjord og på Sunnmøre er det meldt inn etterspørsel etter 1400 rundballar og rapporten om at 215 dyr manglar fôr. Ingen i området har rapportert om fôr til overs. Nettsida er ny av året og er etablert som ein formidlingsarena for kjøp og sal av fôr.
– Dette gjeld hovudsakleg mjølkekyr, sau og hest, men eg har også fått inn førespurnad på fôr til alt frå lama til ein som hadde 30 kaninar. Så dette rammar breitt, seier Jørn Erik Toppe som står bak nettsida.
Det er den langvarige tørken som gjev mangel på dyrefôr, noko som inneber store økonomisk tap for bøndene. Nettsida har som mål å kopla bønder som manglar fôr med bønder som har fôr til overs.

Fryktar masseslakt

Norsk landbruksrådgiving (NLR) fryktar krisa vil gje masseslakt, og blir nedringt av fortvilte bønder.
– Det er nesten så dei snakkar med gråten i halsen. Dette rammar heile livsverket deira, seier NLR-rådgjevar i Grimstad, Josefa Andreassen Torp.
– Dette er ikkje berre ein situasjon som gjeld eit lite område. Der ein tidlegare har kunna kjøpa fôr frå andre stader i landet eller frå nabolanda, er det no nesten umogleg å få tak i fôr i det heile, legg ho til.

Verste sidan 1947

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) varsla før helga at han set i verk fleire hastetiltak som følgje av den verste sommartørken sidan 1947.
Frå og med 13. juli blir det nulltoll for importen til bøndene av høy og halm. I tillegg vil bønder som slår korn og lagar grovfôr, likevel få arealtilskot for korn. Departementet vil også ha raskare saksbehandling for erstatningskrav, med mål om utbetaling innan utgangen av 2018. Bøndene kan her forskotera inntil 50 prosent av erstatninga.
– Slik som vêrmeldinga ser ut kan det bli kritisk for bøndene, men vi gjer alt vi kan med det handlingsrommet vi har.
- Vi skulle gjerne gjort meir, men utan regn blir det vanskeleg, sa Dale til NTB.
Vi skulle gjerne gjort meir, men utan regn blir det vanskeleg

Publisert: 10.07.2018 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24