![Tafjord Kraft sjefen Blir skatta i hel](/imager/images/59090/Tafjord-Kraft-sjefen-Blir-skatta-i-hel_859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c.webp)
Nytt
Tafjord Kraft-sjefen: - Blir skatta i hel
Meiner regelendring i statsbudsjettet ikkje vil spele særleg rolle for dei – og etterlyser mindre skattetrykk på kraftbransjen.
Marius Rosbach
08.10.2020
Regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett at kraftforetaka kan utgiftsføre investeringar same år dei gjerast. Endringa vil føre til at selskapa betalar mindre skatt når dei investerer, og gi dei betre likviditet.
Endringa skal gjere selskapa betre i stand til å gå i gong med nye kraftverk og gjere oppgraderingar.
Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft fortel at han ikkje kan sjå at endringa vil få spesielle konsekvensar for dei med det første.
- Vi har nokre mindre prosjekt som vi kanskje kunne vurdert, men det er ikkje noko vesentleg i investeringsplanane dei neste fem åra som blir meir aktuelt av ei slik skatteendring. Ser vi ti år fram, så kanskje, seier Espeset til NETT NO.
Konsernet leverte sitt nest beste resultat nokon gong i 2019, og tilførte eigarane nær 43 millionar kroner i utbyte.
Olje- og energiminister Tina Bru (H) uttalar i i samband med forslaget, at det vil føre til betydeleg likviditet ved insteringar og at ho håpar endringa vil bidra til å vidareutvikle næringa.
- For at vi skal ha evne til å løfte investeringar over tid, har bransjen bedt om å få letta skattetrykket. Vi er den bransjen som blir mest skatta av alle. Vi blir skatta i hel og nytta som salderingspost på statsbudsjettet, seier Espeset til NETT NO.
Kraftselskapa betalar grunnrenteskatt, tilsvarande oljenæringa, fordi dei nyttar ein knapp naturressurs som høyrer fellesskapet til. I dag er satsen på 37 prosent. Bransjen meiner utforminga av skatten hindrar modernisering av kraftverka og utbygging av meir fornybar kraft.
(saka held fram under)
- At Ålesund kommune (som eig over halvparten av Tafjord Kraft, journ. anm.) og andre store eigarar sitt og ser på at vi blir skattlagd på den måten, skjønar eg ikkje, seier han.
Konsernsjefen påpeiker at det ikkje skulle vere grunn til uro om dei ekstra kronene ikkje skulle gå til investeringar. Alternativet er meir utbyte til offentlege eigarane i store delar av landet.
- Då vil dei pengane som ikkje blei betalt som skatt, vil i tilfelle gå til offentleg velferd likevel, legg han til.
Per Sanderud leia regjeringa sitt kraftskatteutval som la fram sitt syn på skattereglane i fjor. Han sa då at utvalet er kritiske til å gjere endringane som næringa ønsker. Dei meiner kraftselskapa ikkje nødvendigvis får gjort alle investeringane, men at dei får gjort dei rette investeringane, sa Sanderud den gang.
Endringa skal gjere selskapa betre i stand til å gå i gong med nye kraftverk og gjere oppgraderingar.
Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft fortel at han ikkje kan sjå at endringa vil få spesielle konsekvensar for dei med det første.
- Vi har nokre mindre prosjekt som vi kanskje kunne vurdert, men det er ikkje noko vesentleg i investeringsplanane dei neste fem åra som blir meir aktuelt av ei slik skatteendring. Ser vi ti år fram, så kanskje, seier Espeset til NETT NO.
Håpar på endring i bransjen
Tafjord Kraft-sjefen ser at det likevel kan auke investeringslysta hos nokre, ved at risikoen blir lågare.Konsernet leverte sitt nest beste resultat nokon gong i 2019, og tilførte eigarane nær 43 millionar kroner i utbyte.
Olje- og energiminister Tina Bru (H) uttalar i i samband med forslaget, at det vil føre til betydeleg likviditet ved insteringar og at ho håpar endringa vil bidra til å vidareutvikle næringa.
Meiner skattetrykket er for høgt
Tafjord-sjefen sitt viktigaste innvending mot regjeringas sin noverande politikk, er det generelle skattetrykket på kraftbransjen.- For at vi skal ha evne til å løfte investeringar over tid, har bransjen bedt om å få letta skattetrykket. Vi er den bransjen som blir mest skatta av alle. Vi blir skatta i hel og nytta som salderingspost på statsbudsjettet, seier Espeset til NETT NO.
Kraftselskapa betalar grunnrenteskatt, tilsvarande oljenæringa, fordi dei nyttar ein knapp naturressurs som høyrer fellesskapet til. I dag er satsen på 37 prosent. Bransjen meiner utforminga av skatten hindrar modernisering av kraftverka og utbygging av meir fornybar kraft.
(saka held fram under)
Meir om statsbudsjettet her:
Listhaug om budsjettforslaget:
Mange kraftselskap offentleg eigd
Espeset meiner det er eit paradoks at det skjer med ein bransje som i all hovudsak er offentleg eigd.- At Ålesund kommune (som eig over halvparten av Tafjord Kraft, journ. anm.) og andre store eigarar sitt og ser på at vi blir skattlagd på den måten, skjønar eg ikkje, seier han.
Konsernsjefen påpeiker at det ikkje skulle vere grunn til uro om dei ekstra kronene ikkje skulle gå til investeringar. Alternativet er meir utbyte til offentlege eigarane i store delar av landet.
- Då vil dei pengane som ikkje blei betalt som skatt, vil i tilfelle gå til offentleg velferd likevel, legg han til.
Kraftutval meiner skattenivået er rett
Interesse- og arbeidsgjevarorganisasjonen Energi Norge la tidlegare i år fram ein rapport der dei viste til lågare kraftprisar – og bad om skattelette.Per Sanderud leia regjeringa sitt kraftskatteutval som la fram sitt syn på skattereglane i fjor. Han sa då at utvalet er kritiske til å gjere endringane som næringa ønsker. Dei meiner kraftselskapa ikkje nødvendigvis får gjort alle investeringane, men at dei får gjort dei rette investeringane, sa Sanderud den gang.
Les også:
For at vi skal ha evne til å løfte investeringar over tid, har bransjen bedt om å få letta skattetrykket
Publisert: 08.10.2020 10:30
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:37