ANALYSEFredag lanserte fiskeriministeren eit utval, med mandat til å utgreie korleis fiskekvotene skal fordelast, og ikkje minst om det snart er på tide at fiskarane byrjar å betale for retten til å hauste av ressursane.Dermed utfordrar ho to viktige prinsipp i den norske fiskeripolitikken; fordelinga av fiskekvotene mellom ulike typar fiskebåtar - og eigarspørsmålet til fiskekvotane.Aspaker er klar på kvifor ho opprettar utvalet, og kva som er målet.-Vi har laget oss et regelverk som setter svært mange begrensninger for hvordan fiskerne kan innrette seg. Systemet er modent for forenkling og modernisering, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker i ei pressemelding.For å hindre ein evig kamp om fordelinga av fiskekvotane kom fiskarane sjølve tidleg på 2000-talet fram til ein fordelingsnøkkel som fastsette kor stor andel av fisket som skulle tilfelle trålarane, ringnotbåtane, sjarkar, linebåtar og så vidare. Det gjorde slutt på ein langvarig strid fiskarane mellom. For eigarane av den havgåande fiskeflåten - den mest kapitalkrevjande delen av fiskeflåten - var denne borgfreden i bransjen viktig. Den gjorde vilkåra for investeringane deira mindre usikre. Etterpå slapp dei i det minste å investere to eller tresifra millionbeløp i fiskefarty, berre for å oppleve at kvotegrunnlaget for investeringane vart endra like etter.Men er det slik at dette er ein fordelingsnøkkel som er den beste til evig tid?Mykje har endra seg på dei åra som har gått sidan bransjen la lokk på den interne kampen om fordelinga av fiskekvotane. Det Aspaker spør seg om, er om dagens system er for fastlåst.Ny teknologi og ikkje minst endringar i marknaden gjer at det ikkje nødvendigvis er dagens flåtestruktur og kvotefordeling som gir det mest lønsame fisket. I dag får du fersk fisk i porsjonspakkar i butikken. Det fekk du knappast for 15 år sidan, og denne marknaden er i vekst. Store deler av fiskeforedlingindustrien har flytta ut. No kan ein teknologirevolusjon flytte den tilbake, og også gjere ombordproduksjon meir attraktiv att.Det som ikkje har endra seg er fordelinga mellom fartøygruppene. No kan det bli endring.- Hvis vi retter blikket langt fremover så har vi to alternativ. Vi kan enten fortsette som nå der vi ved jevne mellomrom øker kvotetakene, og bøter på den manglende fleksibiliteten gjennom lapping og enkeltstående nye ordninger. Eller vi kan gjøre en grundigere vurdering av hele kvotesystemet for å se om det kan finnes alternative modeller som både kan legge til rette for god lønnsomhet for flåten, og økt fleksibilitet for aktørene. Det ansvarlige valget er å gjøre det siste, seier fiskeriministeren.Det andre store prinsippet som Aspaker vurderer å rokke ved er innføring av ressursrente. Ressursrente er ein ekstra skatt som blir lagt på den som får utnytte felles naturressursar. Både elkraftprodusentane og oljeselskapa har ein slik ekstraskatt, og no vil Aspaker vurdere om det skal innførast i fiskeria også.Då Dag Terje Andersen (Ap) var konstituert fiskeriminister i 2007 var han klar på at ressursrente ville han ikkje ha. "Hensynet til kystsamfunnene gjør at verdiskapingen i størst mulig grad bør forbli i næringen, som samfunnets investering i en videre utvikling av distriktene og næringslivet langs kysten. Det skal derfor ikke innføres en ressursavgift", .Andersen sitt prinsipp var at fiskarane kunne få fiske gratis, men til gjengjeld fekk dei ansvaret for å oppretthalde arbeidsplassar langs heile kysten. Dette har vore eit berande prinsipp i fiskeripolitikken, sjølv om det gradvis har blitt meir og meir utvatna. Tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen (H) var klar på at han ville prioritere at fiskerinæringa vart meir lønsam, og heller lempe på kravet til sysselsetting og ei geografisk spreidd næring. I det lange løp er det det som gir det beste resultatet, meinte han. Men då kjem spørsmålet om ressursrente på dagsordenen. Skal fiskarane sleppe ansvaret for sysselsetting og busetting langs kysten, så får dei betale for retten til å fiske.Hos eigarane av den havgåande fiskeflåten er det i utgangspunktet velvilje til ei ressursrente, fordi det styrkjer kontrollen over fiskekvotane. Betaler du skatt for fiskekvota di er det verre å ta den frå deg. Der i garden er spørsmålet først og fremst kor mykje som skal betalast, ikkje sjølve prinsippet.Komiteen skal levere framlegga sine i form av ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar) hausten 2016.Då er det eitt år att til Stortingsvalet, slik at Aspaker kan rekke å foreslå ein ny politikk før Høgre/Frp-regjeringa eventuelt får fyken av veljarane.Då ho tok ministerposten gjorde Aspaker det raskt klart at ho la mest vekt på lønsemd i fiskeripolitikken. Slik sett kan det synest som om ho har arbeidd sakte. Men det nyttar ikkje vere rask om du ikkje greier å passere målstreken. Ludvigsen endra kjapt og enkelt reglane for å gjere det råd å samle fiskekvotar på færre farty like før han gjekk av, berre for å oppleve at den raudgrøne regjeringa gjorde om på vedtaket straks den tok over.Aspaker gjer det på ein annan måte. Først venta Aspaker på det såkalla Tveterås-utvalet, som kom med ei rekkje omstridde framlegg til ei liberalisering i reguleringa som gjeld for sjømatindustri, fiskeri og oppdrett. Utvalet vart sett ned av den raude-grøne regjeringa, men framlegga utvalet kom med ligg langt nærmare ein blå-blå politikk. Utvalet fekk omfattande motbør frå bransjen, og Aspaker sjølv var nokså rund i omtalen av framlegga som kom på bordet, og slett ikkje viljug til å vere med på alt utvalet foreslo.Men Tveterås-utvalet var med på å legge grunnlaget for ein debatt som det nye utvalet vil føre vidare.Det handlar om ein modningsprosess, og å bygge eit tverrpolitisk kompromiss om endring som vil stå seg også ved eit regjeringsskifte. Der vil det nye utvalet spele ei viktig rolle. Aspaker si mangel på fart kan rett og slett vere eit lurt trekk for å kome i mål.
Publisert: 21.06.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44