Bent martini per sævik havila capella foto havila kystruten 11
FRAMLEIS I OPPLAG: Havila Kystruten-sjef Bent Maritini (t.v.) og eigar Per Sævik framfor Havila Capella. Reiarlaget har fått rett til å nytte skipet dei neste to åra, men manglar framleis forsikring. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Tapte 53 millionar i første kvartal

Havila Kystruten la fram kvartalsrapport.

Marius Rosbach
20.06.2022

Reiarlaget Havila Kystruten la måndag fram tal for 1. kvartal 2022. Kvartalsrapporten viser at reiarlaget segla inn 46,5 millionar kroner i perioden.

Med driftskostnader på meir enn 106 millionar, enda kvartalet med eit underskot før skatt på drygt 53 millionar (sjå tabell under).

Får ta arrest i Havila Capella
Herøy-reiarlaget der familien Sævik er hovudeigar med kring 60 prosent av aksjane, har møtt store utfordringar i oppstarten på seglasane Bergen-Kirkenes. Den siste utviklinga kom berre få timar før kvartalsrapporten blei offentleggjort.

Ifølgje ei avgjerd i Hordaland tingrett får reiarlaget ta arrest i skipet Havila Capella, som no ligg i opplag på ubestemt tid i Bergen. Kystruten får vidare ei periode på to år rett til tvangsbruk av skipet, for å oppfylle avtalen med Samferdselsdepartementet.

Forsikringsfloka er ikkje løyst
Floka med at skipet ikkje er forsikra, er ikkje løyst. Reiarlaget opplyste måndag at dei framleis jobbar med å finne ei løysing.

Dei har også teke kontakt med engelsk rett for å sikre eigedomsretten til skipa. Før helga fekk dei tilbakemelding herfrå at det ikkje skjer noko aktivitet, eller transaksjon for skipa, utan godkjenning frå Kystryten.

Havila Kystruten

Årsresultat (i mill kr)
1. kvartal 2022
2021 *
Driftsinntekter
46,5
44,6
Driftsresultat
-57,8
-106,3
Resultat før skatt
-53,4
-132,9

* Selskapet blei stifta i mai 2021. Tala er samanlikna med reviderte tall for 2021.

Skipsverdiar for kring 2,5 milliarder
Skipsverdiane til selskapet er på 994 millionar kroner, som i praksis berre er skip nummer to Havila Castor. Verdien på dei to neste skipa under bygging ved Tersan-verftet, utgjer vel 1,5 milliardar. Rekneskapen viser ei samla gjeld på 2,3 milliardar kroner.

Reiarlaget opplyser at dei undersøker alle moglegheiter for å bli permanent eigar av Havila Capella, samtidig som det blir jobba med mellombelse løysingar.

Reiarlaget legg framleis til grunn at finansiering for alle fire skipa vil vere på plass i løpet av 3. kvartal i år.

Kring 330 tilsette
Har som i dag har kring 330 tilsette til sjøs og på land, opplyser i rapporten at etterspurnaden til seglasene på dei to skipa har vore gode.

Båda Havila Capella og Havila Castor har stort sett vore fullbooka ut året, men bestillingane har gått ned etter sanksjonsproblema for Capella.

Det russiskeigde selskapet som reiarlaget leaser båten frå, er råka av sanskjonar i samband med invasjonen i Ukraina. Difor er Havila Capella vore i opplag i Bergen sidan april.

Publisert: 20.06.2022 18:43

Sist oppdatert: 21.06.2022 08:43

Mer om