Teiknar ferjer for Fjord1
EL-FERJE: Sambandet Eidsdal-Linge skal få ei elektrisk ferje. Havyard Design & Solutions har fått jobbet med å teikne den, og søsterferja.
Nytt

Teiknar ferjer for Fjord1

Havyard Design & Solutions skal teikne to ferjer Fjord1 skal bruke på Sunnmøre.

22.10.2020
Ferjene skal vere batteridrivne og brukast i samband på indre Sunnmøre.
Partane vil samarbeide for å utvikle eit mest mogleg energieffektivt design fram til val av byggeverft, skriv Havyard Group i ei børsmelding.

Kontrakten mellom Fjord1 og Møre og Romsdal fylkeskommune omfattar sambanda Eidsdal-Linge, Stranda-Liabygda, Hundeidvik-Festøy og Sæbø-Leknes-Standal-Trandal og varer frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033. To av ferjene skal gå på batteri.

1,9 milliardar

Kontraktane er på omlag 1,9 milliardar kroner i følgje Møre og Romsdal Fylkeskommune. Dei inneber at Fjord1 må investere i nybygg og ombygging for 400-500 millionar kroner sa Fjord1-sjef Dagfinn Neteland då selskapet vann kontraktane i 2018.

Dei to nye ferjene med batteri skal ha ein personbilkapasitet på 80 bilar. Den eine ferja skal går Eidsdal-Linge, den andre Stranda-Liabygda.
El-ferjene skal vere klare i 2024 når fylkeskommunen har fått bygd nye ferjekaier som både kan forsyne ferjene med straum og er store nok for dei nye ferjene.

Publisert: 22.10.2020 08:57

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:10