Blir målsettinga ein realitet, ser det bra ut framover. Ikkje berre for norsk hoppsport, men like mykje for den mekaniske bedrifta Simek i Stordal som satsar friskt på hoppbakkeproduksjon.
Dei fyrste hoppbakkane til skulebruk er allereie sende frå Stordal-bedrifta til skular rundt om i landet. I Hurdal, på Bryne og i Alstadhaug i Nordland har elevane gjort sine fyrste skihopp og denne nye aktiviteten kan dei halde fram med året rundt.
- Kan ein drive med skihopping på flate Jæren, så kan ein det over alt, smiler Asle Olsen i spissen for dei åtte tilsette i Simek.
Siste bestillinga fekk dei frå Haramsøy skule i veka som gjekk, og der ute trur Olsen ikkje det har vore gjort så mange skihopp før.
Dermed er vegen opna for støttemidlar og momskompensasjon etter vanlege reglar, og planen til Norges skiforbund er å få bygd 400 slike bakkar rundt om i landet.
- Og kva trur du det i så fall kan få å bety for norsk hoppsport?
- Det er vel ikkje eg den rette til å svare på. Men eg trur det vil spreie seg, og då kan i alle fall vi som produsentar få mykje glede av det, seier Olsen.
I tillegg til å ha kontoransvaret tek han også eit tak i produksjonen når det trengst.
Ifylgje Olsen var det ei blanding av ymse tilfeldigheiter som gjorde at nettopp dei heiv seg på hoppbakkeproduksjonen.
- For to-tre år sidan starta vi med fotballmål, fortel Olsen, som i dag kan sjå tilbake på rundt tusen fotballmål til den norske marknaden.
Simek sine fotballmål i heilsveist aluminium er i dag i bruk frå Sola i sør til Berlevåg i nord.
I fjor og året før opplevde bedrifta ein kraftig nedgang i takt med utviklinga i møbelproduksjonen. No peikar pila bratt opp igjen, og ifylgje Asle Olsen er det tre-fire år sidan det såg så bra ut som no.
Viss skulehoppbakken skulle bli den suksessen som alle håper og trur på, utelet han ikkje at det kan bli nytilsettingar i Stordal-bedrifta sine lokale som er leigde av Stordal næringsbygg.
Her fortel at samlokaliseringa av ei mekanisk bedrift, med selskapslokale, ungdomsklubb og ei rørleggarbedrift i tidlegare tome møbellokale, har gitt knoppskyting med nye aktivitetar.
Dei fyrste hoppbakkane til skulebruk er allereie sende frå Stordal-bedrifta til skular rundt om i landet. I Hurdal, på Bryne og i Alstadhaug i Nordland har elevane gjort sine fyrste skihopp og denne nye aktiviteten kan dei halde fram med året rundt.
Haramsøy neste
Skihopping blir heilårsaktivitet for dei som satsar på Stordal-bedrifta sine prefabrikerte kunstbakkar med både spor og unnarenn av topp kvalitet. Simek leverer komplett ferdige bakkar, som uavhengig av klima og topografiske forhold kan bringe hoppsporten utover det ganske land.- Kan ein drive med skihopping på flate Jæren, så kan ein det over alt, smiler Asle Olsen i spissen for dei åtte tilsette i Simek.
Siste bestillinga fekk dei frå Haramsøy skule i veka som gjekk, og der ute trur Olsen ikkje det har vore gjort så mange skihopp før.
Nærmiljøanlegg
Optimismen rundt det nye Stordal-produktet skuldast ikkje minst at Norges skiforbund, med hoppsjef Clas Brede Bråthen i spissen, har lukkast med å få hoppbakken godkjend som nærmiljøanlegg på lik linje med ballbingen.Dermed er vegen opna for støttemidlar og momskompensasjon etter vanlege reglar, og planen til Norges skiforbund er å få bygd 400 slike bakkar rundt om i landet.
- Og kva trur du det i så fall kan få å bety for norsk hoppsport?
- Det er vel ikkje eg den rette til å svare på. Men eg trur det vil spreie seg, og då kan i alle fall vi som produsentar få mykje glede av det, seier Olsen.
I tillegg til å ha kontoransvaret tek han også eit tak i produksjonen når det trengst.
Ifylgje Olsen var det ei blanding av ymse tilfeldigheiter som gjorde at nettopp dei heiv seg på hoppbakkeproduksjonen.
Tusen fotballmål
For Stordal-bedrifta, som sidan starten for 25 år sidan har hatt beslag og ulike komponentar til møbelindustrien som hovuprodukt, er hoppbakkeproduksjonen ikkje det første bidraget til norsk idrett.- For to-tre år sidan starta vi med fotballmål, fortel Olsen, som i dag kan sjå tilbake på rundt tusen fotballmål til den norske marknaden.
Simek sine fotballmål i heilsveist aluminium er i dag i bruk frå Sola i sør til Berlevåg i nord.
Betre enn på fleire år
- Til møbelindustrien produserer vi delar og alt muleg rart. Men her har det minka, så det kjennest godt å ha fått fleire bein å stå på, seier Olsen.I fjor og året før opplevde bedrifta ein kraftig nedgang i takt med utviklinga i møbelproduksjonen. No peikar pila bratt opp igjen, og ifylgje Asle Olsen er det tre-fire år sidan det såg så bra ut som no.
Viss skulehoppbakken skulle bli den suksessen som alle håper og trur på, utelet han ikkje at det kan bli nytilsettingar i Stordal-bedrifta sine lokale som er leigde av Stordal næringsbygg.
Her fortel at samlokaliseringa av ei mekanisk bedrift, med selskapslokale, ungdomsklubb og ei rørleggarbedrift i tidlegare tome møbellokale, har gitt knoppskyting med nye aktivitetar.
Kan ein drive med skihopping på flate Jæren, så kan ein det over alt
Publisert: 24.01.2015 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40