Russian Aquaculture Moltu innfelt arne geirulv
SVEKKA LØNNSEMD: Villa Smolt har settefiskanlegg på Moltustranda som har opplevd svekka lønnsemd dei siste åra. Eigaren Arne Geirulv fortel at krevjande rettsprosessar er medverkande. Foto:
Nytt

Tener mindre enn før på settefisk

Krangel i rettsapparatet gjer resultata dårlegare enn dei elles ville vore, ifølgje eigaren. Snart må dei i ny rettssak.

Marius Rosbach
03.12.2024

Villa Smolt som har settefiskanlegg på Moltustranda har levert rekneskap for 2023. 

Det viser høgare inntekter og lågare lønnsemd for selskapet som er eigd av Arne Geirulv frå Averøy. 

Omsetninga bikka i fjor 80 millionar kroner for første gong. Samtidig auka kostnadene, som førte til redusert overskot. 

Resultat før skatt enda på 4,6 millionar kroner. Det er eit hakk ned frå 2022 – og ei betydeleg svekking samanlikna med 2021, då selskapet leverte ein resultatmargin på nær 20 prosent. 

– Det er ein konsekvens av at vi har hatt ein del utfordringar. Då er det vanskeleg å konsentrere seg 100 prosent om drifta, seier Arne Geirulv til Nett No.

Villa Smolt   
Årsresultat (i mill kr)20232022
Driftsinntekter80,258,8
Driftsresultat3,26,8
Resultat før skatt4,65,5

Utfordringane han siktar til, starta etter at nordmannen tok over som ny eigar av Villa Smolt og to andre selskap som var eigd av russiske Intarctica.

Vann mot forsikringsselskap
Det siste problemet selskapet måtte handtere, var at forsikringsselskapet If vil seie opp avtalene sine med selskapa. 

Dei meiner at salet av selskapa til nordmannen er sokalla proforma – altså fiktivt.

Det er avvist både av Geirulv og toppsjefen i Intarctica – og i ein dom frå Oslo tingrett i september. 

Retten meinte If si oppseiing av avtalene, var ugyldig. 

Forsikringsselskapet slapp å betale erstatning i tingretten, men blei dømt til å betale nær 940.000 kroner i sakskostnader til motparten. 

Må førebu ny rettsrunde
I ettertid har forsikringsselskapet anka saka. 

Villa Smolt og systerselskapet Setran Settefisk må difor belage seg på ei ny runde i retten i løpet av neste år. 

I årsmeldinga til Villa Smolt As som er datert 26. november, blir det opplyst at selskapet er involvert i rettstvist med If, som i verste fall kan føre til tap av lovpålagde forsikringar.

Selskapet jobbar med å sikre alternative løysingar for det, blir det opplyst.

Pilane peikar opp i år
I årsmeldinga skriv styret at moglegheita for å levere settefisk til kunde i Russland, og ta betaling for varene, er mellom dei største risikofaktorane for den vidare drifta. 

I 2024 har pilane peika oppover for drifta på Moltustranda, ifølgje Geirulv. 

– Vi ligg omtrent som i fjor, og litt bedre både på omsetning, resultat og drift, fortel han. 

Fekk på plass revisor i haust
Intarctica som er den største oppdrettsaktøren i Russland, er ikkje omfatta av sanksjonane i samband med krigføringa i Ukraina. 

Likevel har koplingane ført til fleire problem for selskapet. 

I 2023 trekte Deloitte seg som revisor for selskapet. Utan revisor stod selskapet i fare for å bli tvangsoppløyst. 

Også den saka har vore i rettssystemet, men Sogn og Fjordane tingrett ville ikkje tvinge revisoren tilbake til avtalen. 

Etter å ha spurt fleire enn 40 revisorar om å ta oppdraget, tok M2 Revisjon på seg oppdraget i oktober.

Publisert: 03.12.2024 14:06

Sist oppdatert: 03.12.2024 14:35

Mer om