Lars Berg Giskeødegård Ante Giskeødegård Momentium foto Ogne
DYRARE: Det har blitt dyrare å arrangere konsertar og festivalar, samstundes som dei litt mindre konsertane trekkjer færre folk. Det medverka til å minustal for Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sleit med langtidsverknadar av korona

Momentium-konsernet nesten dobla inntektene, men gjekk frå pluss til minus.

19.09.2023

Søskenbarna Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård har aldri hatt høgare inntekter enn i fjor i konsernet sitt, Alh As.

2022 vart det første året sidan 2019 der kulturbransjen (nesten) ikkje måtte leve med smittevernrestriksjonar. Det gav ein solid inntektsauke.

Under Alh-paraplyen er selskap som Momentium, Momentium Festivals og Momentium Live, Løvenvold Theater, T2 Scene og Terminalen Byscene.

Det handlar om musikkfestivalar, konsertar og underhaldningsarrangement som fekk bremsene på under koronaåra 2020-2021.

Podium

E3/S1 Ante og Lars Giskeødegård - slik møtte Momentium pandemikrisa

Kostnadane gjekk opp
Pandemien hadde imidlertid etterverknadar. Ante Giskeødegård peikar på fleire årsakar til at 2022 blei eit minusår, trass rekordinntekter:

  • Innleige av tekniske tenester til arrangementa er blitt dyrare.
  • Dei litt mindre konsertane trekkjer førebels færre folk enn tilsvarande arrangement før pandemien
  • Ugunstig valutakursutvikling har gjort det dyrare å hente utanlandske artistar til Noreg.

Fleire utsette arrangement
Momentium-selskapa har auka billettprisane sine. Men ein del av arrangementa i fjor var arrangement som opphavleg skulle gå av stabelen i koronaåra 2020 og 2021.

Billettane var allereie kjøpt då, men vart flytta til i fjor. Dermed fekk konsernet inntekter på 2020/2021-nivå, men vart nøydd til å tole kostnadar på 2022-nivå for arrangementa.

Restaurantsatsing
Det er for tidleg å seie korleis 2023 blir samanlikna med 2022, ifølgje Giskeødegård, men han seier lønsemda må opp.

Alh-konsernet eig også 56 prosent av restaurant- og bryggeriselskapet Molo Brew i Ålesund og er mindre eigar i restaurantselskapet Bro (22,8 prosent) og Dampsentralen (20 prosent).

Alh er også direkte eller indirekte medeigar i konsertarrangører i Tromsø, Trondheim, Bergen og Stavanger.

(sjå tabell under)

Fleire saker om Momentium-selskapa:

Alh As (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt143,775,6
Driftsresultat-5,31,9
Resultat før skatt-3,71,2

Publisert: 19.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 18.09.2023 20:35

Mer om