Testar marknaden for tredje byggetrinn
Ulsteinvik Utvikling er i sluttspurten med forprosjektet til tredje byggetrinn på sjøsida i sentrum.
Første byggetrinn i Ulsteinvik Utvikling si utbygging langs sjøkanten vest for hotellet i Ulsteinvik romma kontor-, forretningslokale og omsorgbustadar i tillegg til 30 leilegheiter.
Tredje byggetrinn, som no er under planlegging omfattar omlag 50 leilegheiter ifølgje styreleiar og medinvestor Morten Ulstein.
Han seier forprosjektet skal visast fram for ulike aktørar for å teste om det er marknad for planane. Tilbakemeldingane blir tatt med tilbake til teiknebrettet, og ei eventuell avgjer om å gå i gang kan blir tatt i løpet av første kvartal 2022.
Parkering på gateplan
I første byggetrinn bygde Ulsteinvik Utvikling parkeringsgarasje under bakkeplan. Sidan husa ligg ved sjøkanten måtte parkeringsgarasjen også vere vasstett.
Det fordyra prosjektet, og i trinn to fekk Ulsteinvik Utbygging klarsignal for å bruke deler av bakkeplanet til parkering. (Bygg to i andre byggetrinn, med 10 leilegheiter er ikkje bygd enno. Ulstein Utvikling har ikkje tatt ei avgjerd om når bygginga skal starte).
Parkering på bakkeplan blir også vurdert for trinn tre, ifølgje Ulstein. I tillegg til å redusere kostnadane spelar det og ei rolle at etterspørselen etter butikklokale på bakkeplan er redusert, mellom anna på grunn av meir netthandel og overskot av ledige butikklokale i Ulsteinvik.
Ulstein-investorar
Borgstein as, som er eigd av Morten Ulstein og søsken, er største aksjonær i Ulsteinvik Utvikling med 29,2 prosent av aksjane.
Selskapet har i alt 19 aksjonærar.
Hareid Elektriske as, Rome as (Jogeir Romstrand) og John Kleven as (Kjersti Kleven og Annelise Kleven Godø) eig 10,1 prosent av aksjane kvar.
Ulsteinvik Utvikling as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 80,4 | 5,1 |
Driftsresultat | 5,4 | 0,3 |
Resultat før skatt | 2,5 | -3,2 |
Publisert: 20.08.2021 06:00
Sist oppdatert: 20.08.2021 00:22