
The Fjords vann ikkje fram med klage
Ville stoppe konkurrent på Geirangerfjorden.
Det blir fire bilferjer på Geirangerfjorden i sommar. Det har Klagenemnda i Møre og Romsdal fylkeskommune bestemt etter at nemda avviste klagen frå ferjeselskapet The Fjords.
The Fjords klaga på at Møre og Romsdal fylkeskommune sa ja til at Vestlandske Trafikk skal få gå i rute på strekninga Geiranger-Hellesylt-Valldal.
Bakgrunn:
The Fjords - som nyleg vart eit heileigd selskap av Norways Best Group - har i fleire år frakta bilar og folk mellom Hellesylt i Geiranger, og vil i år også trafikkere strekninga med ei ferje også gjennom vinteren 2024/2025.
I høgsesongen i år har The Fjords to ferjer på strekninga, og det har også Vestlandske Trafikk.
Meiner vedtak ikkje er gyldig
Hovudargumentet i klagen frå The Fjords var at ei tildeling av løyve slik som Vestlandske Trafikk har fått, skal behovsprøvast. Dei meiner konsekvensen av å gi eit ekstra løyve skal utgreiast.
Slik The Fjord les sakspapir og vedtak, finn selskapet ingen teikn til at Møre og Romsdal fylkeskommune har innfridd desse krava.
Klagenemnda til fylkeskommunen er ikkje samd med The Fjords og konkluderer slik:
«The Fjords får ikkje medhald i klagen på vedtaket om å gi ruteløyve til Vestlandske Trafikk.»
Les vedtak og saksdokument her (ekstern lenke)
To ferjer Hellesylt og Geiranger
Vestlandske skal gå i rute mellom Hellesylt og Geiranger med ferjene Jotunheim og Trollheim. Begge har plass til 35 bilar og høvesvis 295 og 245 passasjerar.
Vestlandske Trafikk er eigd av dagleg leiar Øystein Meek. Selskapet vart stifta i 2015 og hadde 1,6 millionar kroner i inntekt i 2022, som er sist tilgjenglege rekneskap.
Nett No har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå The Fjords på at klagen er avvist.
Publisert: 02.07.2024 05:00
Sist oppdatert: 02.07.2024 07:13