Avviser klage frå konkurrent
Ferjekonkurransen på Geirangerfjorden i sommar vil gagne både turistar og nærmiljøet meinar nykomaren Vestlandske Trafikk.
Går alt som det skal går selskapet Vestlandske Trafikk sin første ferjeavgang mellom Hellesylt og Geiranger frå Hellesylt klokka 0800 om morgonen 21. mai, og skal gå i rute ut september.
No ligg ferja for den siste klargjering i Gangstøvika i Ålesund. Frå 24. juni og ut august skal Vestlandske - som er namnet selskapet brukar utad - har ei ferje til i trafikk.
Ferjene skal konkurrere med selskapet The Fjords sine to ferjer. The Fjords har klaga på at fylkeskommunen gav løyve til Vestlandske, og meiner løyvet vart gitt utan naudsynt konsekvensutgreiing og at det vil gå ut over det økonomiske grunnlaget for The Fjords si satsing på heileårsrute på fjorden.
Ikkje overraska over klage
"Vi er ikke overrasket over at The Fjords klager på at vi fikk løyve. Vi er den eneste konkurrerende løyveinnehaveren som ønsker å starte med bilferger, med oppstart allerede i år. Vi synes selvfølgelig det er litt merkelig at de begrunner det med manglende behovsprøving, samtidig som de opptrer i SMP (Sunnmørsposten, red. merk) og sier at det er en økning i forhåndsbestillingene på 33% siden i fjor.", skriv Linn Runa Schnell Kvalvåg i Vestlandske i ein epost til Nett No.
Ho skriv og Vestlandske sine ferjer vi medverke til at det blir fleire avgangar, færre bilar på biloppstillingsplassane og eit betre produkt for reisande. Fleire ferjer vil gagne både turistane og nærmiljøet, slik Vestlandske ser det.
"Vi har tro på at Møre og Romsdal Fylkeskommune gjorde en grundig jobb i sitt vedtak om å gi oss løyve og ser fram til en flott sesong på fjorden.", skriv ho.
To ferjer
Vestlandske skal gå i rute mellom Hellesylt og Geiranger med ferjene Jotunheim og Trollheim. Begge har plass til 35 bilar og høvesvis 295 og 245 passasjerar.
Vestlandske Trafikk er eigd av dagleg leiar Øystein Meek. Selskapet vart stifta i 2015 og hadde 1,6 millionar kroner i inntekt i 2022, som er sist tilgjenglege rekneskap.
Les også
To ferjeselskap og eitt passasjerfartøy-selskap skal konkurrere på verdsarvfjorden.
Ina Eldøy er sjef for ferjeselskapet. Har Flakk-, Halsebakk-familien og Frode Håkon Kjølås på laget.
Publisert: 13.05.2024 10:30
Sist oppdatert: 13.05.2024 10:24