Vil stoppe ferjekonkurrent på Geirangerfjorden
The Fjords fryktar svekka økonomi og kaos i høgsesongen. Krev at fylket trekkjer løyve til konkurrent.
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ja til at selskapet Vestlandske Trafikk skal få gå i rute på strekninga Geiranger-Hellesylt-Valldal som The Fjords klagar på.
The Fjords - som nyleg vart eit heileigd selskap av Norways Best Group - har i fleire år frakta bilar og folk mellom Hellesylt i Geiranger, og vil i år også trafikkere strekninga med ei ferje også gjennom vinteren 2024/2025.
I høgsesongen har The Fjords to ferjer på strekninga, og det skal også Vestlandske Trafikk ha.
Dermed blir det tidvis fire ferjer på fjorden.
Meiner vedtak ikkje er gyldig
Hovudargumentet i klagen frå The Fjords er at ei tildeling av løyve slik som Vestlandske Trafikk har fått, skal behovsprøvast, og at konsekvensen av å gi eit ekstra løyve skal utgreiast.
Slik The Fjord les sakspapir og vedtak, finn selskapet ingen teikn til at Møre og Romsdal fylkeskommune har innfridd desse krava.
Dermed er vedtaket om å gi Vestlandske Trafikk løyve ugyldig, skriv The Fjords i klagen, og krev at løyvet vert trekt attende.
Fryktar kaos med fire ferjer
The Fjords argumenterer óg med at to ferjeselskap med til saman fire ferjer vil før til kaos, slik Vestlandske Trafikk legg opp til å segle:
«The Fjords har lang erfaring med drift av fergetilbudet i Geirangerfjorden. Det er utfordrende at fergekaiene er små og trafikken stor. Det går greit å håndtere dette for én erfaren aktør, men vi ser med stor bekymring på tilstandene som uunngåelig vil oppstå med to aktører med tett, dels overlappende ruteplan. Det vil bli kaos som går ut over vår lønnsomhet, men først og fremt kaos for kundene», heiter det i klagen.
Trugsmål mot utsleppsfrie ferjer
Administrerande direktør John Vonli seier til Nett No at The Fjords fryktar at løyvet til Vestlandske Trafikk skal svekke det økonomiske grunnlaget for ei heilårs bil- og passasjerferje.
Han meiner det óg vil svekke grunnlaget for satsinga med å bygge The Fjords sine to ferjer om til CO2-utsleppsfrie batteridrivne ferjer for å stette krav som skal gjelde frå 2026.
Også Flakk-selskap har fått løyve
I tillegg til The Fjords og Vestlandske Trafikk har fylkeskommunen gitt selskapet Flakk Starck løyve til å trafikkere Geiranger-Hellesylt. Dette selskapet planlegg å få bygd fartøy som skal gå på hydrogen.
Ifølgje databasen Proff.no er Vestlandske Trafikk eigd av dagleg leiar Øystein Meek. Selskapet vart etablert i 2015 og hadde 1,6 millionar kroner i driftsinntekt, 16.000 kroner i overskot og 0,3 millionar kroner i bokført eigenkapital i 2022, som er sist tilgjengelege rekneskap.
Nett No har ikkje lukkast å kome i kontakt med selskapet.
Publisert: 03.05.2024 05:00
Sist oppdatert: 06.05.2024 15:06