Korkje Måløy Hotel eller Best Western Baronen Hotel har vore store pengemaskiner dei siste åra. Hotellet i Måløy fekk eit lite overskot etter fleire år på rad med minusresultat i fjor. Baronen hadde fleire å med små overskot før hotellet fekk minusresultat i fjor.
No blir dei ein del av Thon Hotels-kjeda.
- Vi inngår eit strategisk samarbeid med Norlandia Hotel Group og ønskjer dei nye hotella velkomne inn i Thon Hotels-kjeda, seier konserndirektør Morten Thorvaldsen i Thon Hotels i ei pressemelding .
Norlandia skal eige og drive hotella som franschisehotell i Thon Hotels kjeda.
Alle fem hotella blir pussa opp fram til dei blir ein del av Thon Hotels-kjeda frå starten av januar 2018.
I dag er Thon Hotels etablert med eitt hotell i Ålesund, eitt i Molde, i Fosnavåg og Jølster.
No blir dei ein del av Thon Hotels-kjeda.
- Vi inngår eit strategisk samarbeid med Norlandia Hotel Group og ønskjer dei nye hotella velkomne inn i Thon Hotels-kjeda, seier konserndirektør Morten Thorvaldsen i Thon Hotels i ei pressemelding .
Konkurranse i Måløy
Thon Hotels satsing i Måløy kjem i konkurranse med hotellplanane som fleire investorarar i Måløy, blant dei Gunnar Carlson og Coast Seafood-aksjonær Sverre Søraa arbeider med om å etablere eit nytt, stort hotell i Måløy kombinerte med leilegheiter og kulturhus ved sjøkanten i Måløy.Pussar opp
Måløy Hotel og Best Western Baronen blir ein del av Thon Hotels saman med tre andre Norlandia-hotell, i Horten, Narvik og på Andøya.Norlandia skal eige og drive hotella som franschisehotell i Thon Hotels kjeda.
Alle fem hotella blir pussa opp fram til dei blir ein del av Thon Hotels-kjeda frå starten av januar 2018.
I dag er Thon Hotels etablert med eitt hotell i Ålesund, eitt i Molde, i Fosnavåg og Jølster.
Publisert: 11.10.2017 15:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14