Melshorn Hotell innfelt Linda Haddal Røssevoll foto stian wiik 11
HOTELL TIL SALS: Linda Haddal Røssevold (innfelt) er eigar av Melshorn Hotel i Hareid.
Nytt

Tidkrevande å selje Hareid-hotell

Melshorn Hotel er ein av fleire overnattingsplassar som har vore til sals i lengre tid.

23.11.2023

Den som eventuelt kjøper hotellet får ein leigeavtale med Hareid kommune med på kjøpet, ifølgje annonsenettsida Finn.no.

Kommunen brukar hotellet som asylmottak. Avtalen mellom hotellselskapet og kommunen er ein intensjonsavtale om leige fram til august 2026, ifølgje kommunen.

Prisantydninga i salsannonsen er 8,5 millionar kroner, det same som då NETT NO skreiv i februar 2023.

- Så får vi sjå om det er nokre som kunne tenke seg å kjøpe eit hotell, eller om det er kreative aktørar som vil finne på noko anna. Det blir spennande å sjå kva som rører seg i marknaden, sa eigar Linda Haddal Røssevoll til NETT NO den gangen.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Haddal Røssevoll i samband med denne artikkelen.

Tok over i 2014
Tomta er på knappe fire mål og hotellbygget har 30 rom. Bygningane også har resepsjon, kjøkken, spisesal, møterom og andre funksjonar som har høyrt til drifta.

Røssevold tok over hotellet på Hareid i 2014. Selskapet hadde kontraktar til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og cateringoppdrag for bedrifter.

Etter oljeprisen fall vart drifta tøffare, og hotellet vart ei periode leigd ut til flyktningmottak, før det vart gjort om til eit «bed & breakfast»-hotell i 2016.

Trekt frå marknaden
Sidan då har det både vore asylmottak for familiar, og akuttmottak for ukrainske flyktningar på staden.

Også i 2021 vart det gjort forsøk på å selje hotellet.

Då var prisantydninga ni millionar kroner. I april 2022 trekte Haddal Røssevold hotellet frå marknaden, etter at hotellselskapet fekk ein leigeavtalte med Hareid kommune.

Vil selje Fjellstova i utlandet
Melshorn Hotell er ikkje den einaste overnattingsbedrifta som er tidkrevjande å selje.

Fjellstova på Ørskogfjellet er trekt frå den norske marknade, og blir no berre annonser i utlandet. Fram til sommaren i år låg anlegget ute på Finn.no for 7,9 millionar kroner. Då hadde det vore til sals i to år.

No er prisen omlag 11,2 millionar kroner, ifølgje annonseringa som siktar seg inn mot kjøparar i Tyskland, Nederland og Belgia.

Ørskog-eigedom lagt ut i 2021
I Vaksvika i tidlegare Ørskog kommuen vart Sunnmøre Kurs- og Fritidssenter, kjent som leirstad, kapell og kafe, lagt ut for sal i 2021. Då var prisen 3,75 millionar kroner, medrekna møblane, skreiv Sunnmørsposten.

Anlegget ligg framleis til sals, for 3,99 millionar kroner.

Eidsdal Hotell i Eidsdal ligg til sals for 5,5 millionar kroner. Det har vore til sals i heile år. Dagens eigar kjøpte hotellet hausten 2021 ifølgje Sunnmørsposten.

Publisert: 23.11.2023 11:36

Sist oppdatert: 24.11.2023 00:42

Mer om