Neptune naiad foto kjetil
SELT: Det tidlegare seismikkskipet er selt til Austevoll-selskap som skal nytte skipet til mellom anna å fiske snøkrabbe. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tidlegare Axxis-skip får nytt liv i fiske

Gjerdsvika-selskap har selt seismikkskipet, etter å ha sikra seg utstyret om bord.

Marius Rosbach
09.09.2021

Sanco Holding har selt seismikkskipet Neptune Naiad til selskapet Mostrasen i Austevoll. Det går fram av skipsregisteret – der også salssummen på åtte millionar står opplyst.

Gjerdsvika-selskapet til Ivar Slettevoll kjøpte skipet i sommar frå det tidlegare sunnmørsdominerte Axxis Geo Solutions, som i juli skifta namn til Carbon Transition.

– Vi kjøpte skipet utelukkande for å ta av seismikkutstyret, og vi er fornøgde med prisen, fortel Slettevoll til NETT NO.

Skal fiske snøkrabbe
Den nye eigaren held til ved Torangsvåg sør for Bergen. Mostrason-selskapet blei starta opp i 2019 og er registrert innan fiskeri- og reiarverksemd.

Styreleiar Harald Taranger fortel til NETT NO at dei vurderer å nytte skipet til sesongbasert fiske etter både snøkrabbe, kvitfisk og andre fiskeslag.

AIS-sporinga vier at skipet no er til kai i Egersund, der ombygginga allereie er i gong.

– Vi håpar å vere ferdige og klare for fiske i januar, seier Taranger.

Seld i restruktureringa
Axxis Geo Solution sprang ut av ein ide om å få seismikkskipet Neptune Naiad ut av to og eit halvt års opplag på Moltustrand og inn i nytt og lønsamt arbeid.

Etter at selskapet hamna i økonomisk uføre, selde dei sitt einaste heileigde seismikkskip som ein del av restruktureringa i sommar.

Tap for sunnmørsaksjonærar
Ein rekke aksjonærar på Nordvestlandet har tidlegare satsa på det børsnoterte selskapet.

Før refinansieringa var Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding største aksjonær. Også Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital var inne i selskapet, saman med Asbjørn Solevågseide, Frode Kjølås og Peder Stette.

Etter refinansieringa satt dei tidlegare aksjonærane att med smular i selskapet.

Publisert: 09.09.2021 16:07

Sist oppdatert: 09.09.2021 16:14

Mer om