Axxis Ronny Bøhn
TRENG OPPDRAG: Seismikkselskapet Neptun Naiad er seld til Sanco i Gjerdsvika, og Axxis Geo Solutions-sjef Ronny Bøhn er i mål med refinansieringa av selskapet.
Nytt

Lite aktivitet i Axxis

Selskapet er refinansiert og skip seld unna, men aktiviteten er laber i Axxis Geo Solutions.

26.05.2021

1. kvartal gjekk med til å berge det kriseråka børsnoterte seismikkselskapet Axxis Geo Solutions unna konkurs.
Det lukkast, ein investorgruppe skaut inn 144,5 millionar kroner i ny eigenkapital og långivarar gjekk med på å gjere om gjeld til aksjar.

Les børsmelding her

Seismikkaktiviteten var imidlertid laber (sjå tabell), og selskapet skriv i kvartalsrapporten for 1. kvartal at marknaden framleis er tung, men at selskapet ser teikn til lysning og eit betra marknad etterkvart som verknaden av koronapandemien minkar.

Axxis Geo Solutions hadde opphavleg fleire investorar frå Nordvestlandet.

Inntil alle formalitetar i samband med refinansieringa er på plass er Havila Holding framleis største aksjonær med 26,4 prosent av aksjane, men etter at refinansieringa er fullført vil dei nye eigarane eige 97 prosent av selskapet.

Axxis Geo Solutions selde tidlegare i mai seismikkskipet Neptun Naiad til seiskmikkselskapet Sanco i Sande kommune.

Axxis Geo Solutions as
1. kvartal. I mill. dollar20212020
Driftsinntekter0,845,1
Driftsresultat-4,211,2
Resultat før skatt

-6,5

12,6

Publisert: 26.05.2021 08:13

Sist oppdatert: 26.05.2021 08:48