Neptune Naiad Torvik 3 Per og Njå Sævik innfelt
NYE STORAKSJONÆRAR: Fram til refinansieringa av Axxis Geo Solutions var Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding største aksjonær. Det er det ikkje lenger. Innfelt til venstre Njål Sævik, til høgre Per Sævik. Foto: Kjetil Haanes/Ogne Øyehaug
Nytt

Sunnmørs-æraen over i Axxis

Tidlegare storaksjonær Havila Holding sit att med 1,06 prosent i seismikkselskapet.

09.06.2021

Axxis Geo Solution sprang ut av ein ide om å få seismikkskipet Neptune Naiad ut av to og eit halvt års opplag på Moltustrand og inn i nytt og lønsamt arbeid.

Sentrale aktørar bak nysatsinga er Houston-baserte Bjarte Bruheim, Ulsteinvik-baserte Jogeir Romestrand gjennom selskapet Rome og Oslo-baserte Arne Blystad og Blystad Group gjennom selskapet Spencer Energy.

I 2018 var selskapet på veg mot børs og håpte å ha 8-10 skip i sving med nodeseismikk i 2019.

I april 2019 blei det henta inn meir pengar, og ei rekkje sunnmørsaksjonærar vart med i ein emisjon på 62,4 millionar kroner. Ein som då hadde trua var Roger Halsebakk, som gjennom investeringsselskapet Ronja Capital satsa på Axxis. På aksjonærlista dukka også Asbjørn Solevågseide, Frode Kjølås og Peder Stette opp.

Børsintroduksjonen vart gjort gjennom at Songa Bulk, eit børsnotert, men relativt tomt selskap, slo seg saman med Axxis og endra namn til Axxis Geo Solutions.

Kriseemisjon
Det gjekk ikkje som selskapet og investorane bak hadde håpa og hausten 2019 vart Havila Holding største eigar etter ein kriseemisjon og eigde 26 prosent før refinansieringa av selskapet som blei gjennomført i vår.

Refinansieringa omfattar mellom anna ei kapitalinnsprøyting frå nye investorar og omgjering av gjeld til aksjar. Konsekvensen er at dei tidlegare eigarane sit at med smular, slik børsmeldinga frå selskapet i dag viser.

Les børsmelding her

Publisert: 09.06.2021 16:36

Sist oppdatert: 09.06.2021 16:37

Mer om