Ulstein acta marine sx216 illustrasjon Ulstein Design Solutions 11
DESIGNKONTRAKT: Det nederlandske reiarlaget skal ha fleire skip med den nye X-Stern-designet. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

To designkontraktar på metanolskip til Ulstein

Nederlandsk reiarlag vil ha nummer tre og fire med nytt design.

Marius Rosbach
07.06.2023

Ulstein Design & Solutions signert ei kontrakt med Tersan-verftet i Tyria på to skip til havvindindustrien, ifølgje ei pressemelding.

Designet for dei konstruksjonsstøtteskipa er Ulstein SX216 (CSOV).

Skipa skal vere hybriddrivne, med grøn metanol som primær energikjelde, ifølgje meldinga.

Har hekken i begge endar
Havvindskipa skal byggast for det nederlandske reiarlaget Acta Marine og vert nummer tre og fire i rekka med den nye Twin X-Stern-løysinga som betyr at skipet har to hekkar – og to hovudpropellar i kvar ende.

Det gjer at ein kan plassere begge endar mot veret og få høg operasjonsevne utan avgrensingar på farta.

Fartøya vil ha ei lengde på 89,9 meter, ei bredde på 19,2 meter og ha plass til opptil 135 personar.

Får også batteripakke
I tillegg til metanol som energikjelde, skal skipa få om bord batteripakke som gjer at vindparkoperasjonane kan gjerast med mindre forbruk av drivstoff og utslepp.

- Desse skipa har avanserte funksjonar og banebrytande teknologi, og kjem til å spele ei sentral rolle i å støtte RWE sine TK- og Sofia-prosjekt, og tilby effektive og pålitelege tenester samtidig som miljøpåverknaden vert minimert, uttalar Acta Marine-sjef Rob Boer.

Publisert: 07.06.2023 10:52

Sist oppdatert: 07.06.2023 11:27

Mer om