Rekordsterk deltaking på Nor-Shipping
Fleire enn 50 utstillarar frå Nordvestlandet kjem til årets viktigaste shippingmesse.
Fleire enn 50 utstillarar frå Nordvestlandet deltek på Nor-Shipping-messa på Lillestrøm denne veka. Årets messe er den første sidan 2019, der både planlegging og gjennomføring skjer utan å bli påverka av koronapandemien.
Det kan vere noko av forklaringa på den rekordsterke deltakinga frå regionen.
Sjå utstillarliste under saka
Nor-Shipping er ei av verdas største shippingmesser og det er venta fleire enn 1000 utstillarar. Det gjer messa til ei av dei viktigaste møteplassane for bransjen.
Viser fram nytt vindskipdesign
Salssjef Richard Gjerde i skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy var mellom dei som måndag var på messeområdet for å gjere alt klart til opning tysdag.
Dei vil mellom anna vise fram eit nytt konsept for vindskip. Gjerde opplever at det er stigande optimisme i den maritime næringa, spesielt i denne marknaden.
– Elles er det mange i næringa som er opptekne av at moglegheitene for at verfta får betre hjelp til å finansiere nye fartøy gjennom førehandsgarantiar, seier Gjerde til NETT NO.
Eit anna forslag frå bransjen for å skape meir aktivitet, er eit Co2-fond.
So langt har regjeringa vore tilbakehaldne fordi dei meiner det strid mot EØS-regelverket, men Gjerde meiner regjeringa bør sjå på moglegheitene til å tøye regelverket.
– Alle andre maritime nasjonar gjer det og legg til rette for å få styrke industrien og landet si konkurranseevne, seier han.
Grøn skipsfart og likestilling
Gjerde får sjansen til å ta opp saka når fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran kjem på messa.
Statsråden skal mellom anna vere med når Skipsrevyen kårar årets skip – eitt av høgdepunkta på messa.
Grøn skipsfart, likestilling i maritim næring og samarbeid står på agendaen under årets messe. Hovudarenaen er Norges Varemesse på Lillestrøm, men det skjer også ei rekkje arrangement i Oslo sentrum.
Under kan du sjå heile lista over utstillarar frå Nordvestlandet
(har vi gløymt nokon - eller veit du noko NETT NO bør skrive om? Tips oss på redaksjon@nett.no)
- ABB
- Anda-Olsen
- Aukra Maritime
- Bauta Group
- Brunvoll
- Brødrene Aa
- Corvus
- Davi Turbo
- Dimo
- Ekornes Kontrakt
- Eltorque
- Entec Evotec
- Finnøy Gear og Propeller
- Fiskerstrand Verft
- Green Yard Kleven
- Hav Design
- Hav Hydrogen
- Havyard Leirvik
- Hexagon Purus
- Maritime Hydra Pipe
- Hydroniq Coolers
- IP Huse
- John Gjerde
- Kongsberg Digital
- Kongsberg Maritime
- Lefdal Mine Datacenter
- Libra-Plast
- Mare Safety
- Marin Teknikk
- Maritime Partner
- Metizoft
- Myklebust Verft
- Nogva
- Norwegian Electric Systems
- Norwegian Greentech
- Norwegian Hydrogen
- Plany
- Seaonics
- Servi Group
- Skipsrevyen
- Skipsteknisk
- Sperre Air Power
- Stadt
- Stryvo
- Tussa IKT
- Ulmatec Ulmatec Engine Solutions
- Ulmatec Handling Solutions
- Ulmatec Insea Solutions
- Ulmatec Thermal Solutions
- Ulstein Group
- Uptime International
- Ventiq
- Wenaas Workwear
- Aalesund Protective Wear
Publisert: 06.06.2023 05:00
Sist oppdatert: 06.06.2023 15:09