Vitskapleg direktør Hogne Halleråker i Arctic Bioscience har direkte og gjennom eige selskap, kjøpt 15.000 aksjar i Arctic Bioscience etter at selskapet sende ut melding om skuffande resultat frå ein internasjonal studie av eit silderognbasert middel.
Arctic Bioscience arbeider for å få dette godkjent som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.
Problemet for Arctic Bioscience var at også testpersonane som fekk eit middel uten Arctic Bioscience sitt virkestoff, fekk eit positivt resultat. Dermed er det ikkje råd å fastslå at Arctic Bioscience sitt middel virkar som selskapet håpa på.
Hallaråker kjøpte i tre omgangar, med 5000 aksjar i slengen. Kjøpa var gjort på fallande kurs, først 3,08 kroner aksjen, deretter tre kroner aksjen og torsdag til 2,50 kroner aksjen.
Den andre av Arctic Bioscience-innsiderane som har kjøpt, er medisinsk direktør Runhild Gammelsæter, som onsdag kjøpte 10.000 aksjar til kurs 2,86 kroner aksjen.
Ein person i innsideposisjon er ein person med ei stilling eller verv, som gjer at ho eller han har tilgang på informasjon om verksemda før resten av marknaden får den informasjonen. Det avgrensar når desse personane har lov til å handle aksjar i selskapet.
Då børshandelen stengte mandag 14. oktober var Arctic Bioscience verdsett til 13 kroner aksjen.
Dagen etter vart handelen stengt ei lita stund før det vart opna for kjøp og sal. Då dagen var omme hadde kursen falle over 77 prosent, og fallet held fram onsdag.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hofseth Biocare | 1,60 | 3,90 % |
Arctic Bioscience | 2,32 | 3,57 % |
Norva 24 Group* | 30,70 | 2,33 % |
Golden Energy Offshore Services | 27,50 | 1,85 % |
Hexagon Purus | 7,75 | 1,84 % |
Salmon Evolution | 6,66 | 0,45 % |
Atlantic Sapphire | 0,10 | 0,21 % |
Sparebanken Møre | 84,30 | 0,00 % |
Hav Group | 8,68 | -0,23 % |
Romsdal Sparebank | 121,52 | -0,39 % |
Havila Shipping | 3,37 | -1,03 % |
Endúr | 55,80 | -1,06 % |
Hexagon Composites | 39,30 | -1,50 % |
Havila Kystruten | 0,70 | -1,96 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 17.10.2024 16:09
Sist oppdatert: 18.10.2024 00:35