Island Crusader
LNG OG BIOGASS: Island Crusader er eit LNG-fartøy som også har batteri-installasjon. I tillegg har Island Offshore testa ut og verifisert at skipet kan segle på biogass utan modifikasjonar. Foto: Lundin Energy Norway
Nytt

Tok grep og reduserte drivstoff-forbruket

Island Offshore-sjefen meiner at fleire må dele på kostnadene ved å investere i grøn energi.

03.02.2022

- Det er vi som reiarlag som tar kostnaden med å setje inn batteripakkar og andre grøne tiltak.

- For å få fart på skiftet bør etter mitt syn både oljeselskapa og verkemiddelapparatet bidra endå sterkare. Meir miljøvenleg drift krev både investeringar og vil bety høgare opex.

Det seier adm. dir. Tommy Walaunet i Ulsteinvik-reiarlaget Island Offshore. Selskapet har 26 offshorefartøy, og har siste åra brukt store summar på å redusere drivstoff-forbruket.

Ammoniakk og hydrogen
Blant anna har dei fem PSV-ane Island Crusader, Island Chieftain, Island Commander, Island Contender og Island Clipper fått installert batteripakkar.

No vurderer selskapet å setje inn drivstoff-reduserande tiltak på fleire andre fartøy, der ein også tenker alternativt.

- Vi ser blant anna også på alternative drivstoff som ammoniakk og hydrogen, samt andre løysingar for energilagring og effektivisering. Vi trur at ulike blandingsdrivstoff også kan vere gode og framtidsretta grøne løysingar, som også kan bli raskt tilgjengeleg.

- Etter vår vurdering, treng industrien fleire pilotar med høg innovasjonsgrad og ny teknologi, som kan verifisere potensialet i ulike tiltak. Grunna høgare risiko og utprøving i ei tidlegfase, må verkemiddelapparatet vere med, seier Walaunet.

Først gevinst for oljeselskapa
No er tala for dei drivstoff-reduserande tiltaka i 2021 klare. Trass intensiv drift og ein auke i operasjonsdøgn, vart drivstoff-forbruket redusert.

I hamn var reduksjonen 13,3 prosent, i operasjon var reduksjonen 5,35 prosent og under steaming var reduksjonen 10,99 prosent.

Kutta er det i stor grad oljeselskapa som får gevinsten av.

- Ja, det er leigetakarane som betalar drivstoff-kostnadene, seier Walaunet.

- Men båtane våre blir også meir attraktive om vi kan redusere forbruket. I det lange løp trur vi derfor at dette er konkurransekraft. Utover dette, har Island Offshore sjølvstendige målsetjingar om å redusere fotavtrykket frå vår verksemd, seier Walaunet.

Han trur derfor at Island Offshore vil få dette igjen ved høgare ratar over tid og forlenga økonomisk levetid for båtane.

- Vi ser at skip med lavt drivstoff-forbruket vert stadig meir attraktive i marknaden.

Vi ser blant anna også på alternative drivstoff som ammoniakk og hydrogen, samt andre løysingar for energilagring og effektivisering
Tommy Walaunet
Island Commander ffoto Island Offshore
HYBRID: Island Commander er eitt av fartøya som har fått installert batteripakke. Foto: Island Offshore

Vessel Insight
Walaunet seier at drivstoff-kutta er eit resultat av systematisk arbeid over tid, og ei forsterking av både kultur og haldningar rundt energieffektivitet i operasjon.

- No har vi sett nye mål og planlegg tiltak for kvart enkelt skip for å sikre at vi held fram forbetringa.

Som ein lekk i satsinga har Island Offshore også inngått kontrakt med Kongsberg Digital med utrulling av systemet Vessel Insight på heile flåten. Dette arbeidet går etter planen med utrulling på fleire fartøy kvar månad.

Gjennom dette systemet kan ein samla data frå heile flåten på same digitale plattform, noko som gjer det muleg å samanlikne operasjonelle data frå alle fartøya i flåten og setje i verk effektive tiltak for å redusere drivstoff-forbruket og utslepp.

- Dette vil krevje meir analyser og ny kompetanse som reiarlaget vil utvikle. I tillegg er dei eit betydeleg potensiale i datafangst på andre operasjonelle område.

- Det er særs viktig for oss å lukkast med dette arbeidet inkludert engasjement og eigarskap ute på båtane, seier Walaunet.

Publisert: 03.02.2022 05:58

Sist oppdatert: 03.02.2022 07:16

Mer om