Vegard Sævik foto ogne 11
NYTT EIGARSELSKAP: Vegard Sævik i Havila fortel at familien trengde ei nytt eigarselskap til Fjord1-satsinga og valde å ta tilbake Havilafjord, som blei sletta før jul. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tok tilbake selskapsnamn grunna nostalgi

Vegard Sævik forklarar Havilafjord sin «Lasarus-tilstand».

Marius Rosbach
12.01.2022

Denne veka dukka det velkjende namnet Havilafjord igjen opp i kunngjeringane frå Brønnøysundregistrene. Selskapet som tidlegare bar namnet blei sletta før jul etter å ha vore var Sævik-familien sitt eigarselskap i Fjord1-reiarlaget siden 2011.

Tysdag denne veka blei namndeendringa registrert frå Havila Newco, eit selskap som blei oppretta i fjor.

– Havilafjords Lasarus-tilstand er eit resultat av forenkling ein komplisert struktur, fortel Vegard Sævik som er kontaktperson for selskapet, til NETT NO.

Vi måtte ha eit nytt selskap som eigarselskap. Av nostalgiske grunnar blei namnet Havilafjord
Vegard Sævik

– Nostalgiske grunnar
Vegard er yngste sonen til Per Sævik, og ein av fire i styret i det nye Havilafjord-selskapet, som elles består av faren, broren Njål og systera Hege.

– Det gamle Havilafjord blei fusjonert inn i Havila Holding og vi måtte ha eit nytt selskap som eigarselskap. Av nostalgiske grunnar blei namnet Havilafjord, legg han til.

Fjord1-reiarlaget blei tatt av børs i fjor etter at Sævik-familien kjøpte ut dei andre aksjonærane. Børsverdien på selskapet var då 5,2 milliardar.

Skal satse med amerikanarar

Herøy-familien skal satse vidare med reiselivselskapet i kompaniskap med deira amerikanske partnar, Ridge Vision Partners, som skal eige halvparten.

Sævik fortel at det ikkje har skjedd noko nytt når det gjeld eigarskap i «Nye Fjord1», som ikkje er kommunisert tidlegare.

I fjor blei selskapa Fjord1 Topco og Fjord1 Holdco oppretta med formål om å investere i andre foretak.

Vegard Sævik er styreleiar i begge selskap, medan Reuben Aguilar Samuels Munger er nestleiar. Per Sævik og George W Polk utgjer resten av styra i dei nye selskapa.

Kjøpte seg opp i 2011
Då Fjord1-reiarlaget blei teke av børs i fjor, var det etter ei ti år lang reise som starta med at Herøy-familien kjøpte aksjane til Møre og Romsdal fylkeskommune i 2011.

Sævik-famillien har også eigarinteresser i ein rekke andre selskap. Mellom anna børsnoterte Havila Kystruten og Havila Shipping.

Midt på dagen onsdag var Havila Kystruten-aksjen stege kring 18 prosent siste månad. Aksjeverdien er på 1,2 milliardar. Også Havila Shipping har hatt ei god stigning siste månad på knappe 15 prosent. Børsverdien på offshorereiarlaget er likevel berre drygt 100 millionar.

Publisert: 12.01.2022 14:48

Sist oppdatert: 12.01.2022 15:40

Mer om