Loen Skylift innfelt richard grov foto Sølvi Dybevold ogne 11
FRAMLEIS GODT BESØK: Dagleg leiar Richard Grov (innfelt) i Loen Skylift helsar konkurransen med Romsdalsgondolen velkomen. Stryn-attraksjonen hadde 49.000 besøkande i juli. Foto: Sølvi Dybedal/Ogne Øyehaug
Nytt

Toler auka konkurranse

Romsdalsgondolen ligg føre skjema sjølv utan cruisebesøk, men Loen Skylift er framleis størst på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
11.08.2021

I år har besøkande og fastbuande på Nordvestlandet to gondolar å velje mellom om dei vil til fjells utan å ta beina fatt. Besøkstala tyder på at det er marknad for både Loen Skylift i Stryn og det siste tilskotet, Romsdalsgondolen på Åndalsnes.

– Vi har hatt ein veldig godt start og opplever mykje besøk. Med berre to månaders drift, er vi utruleg nøgd. Vi ligg framfor tala vi hadde i prognosane – utan cruisebesøk, fortel administrerande direktør Pål Ragnar Amundsen i Romsdalsgondolen til NETT NO.

(saka held fram under)

Romsdalsgondolen montasje pål ragnar amundsen foto kjetil romsdalsgondolen 11
OPNA I MAI: Etter dryge to månader i drift har administrerande direktør Pål Ragnar Amundsen ved Romsdalsgondolen hatt drygt 60.000 besøkande. Foto: Kjetil Haanes/Romsdalsgondolen

Når besøksmålet med god margin
Førre tysdag passerte Romsdalsgondolen 60.000 besøkande etter opninga 28. mai. Det gir ein snitt per månad på litt under 30.000.

Det betyr at i overkant av 900 personar i gjennomsnitt tek turen til toppen av fjellet Nesaksla kvar dag.

Amundsen fortel at målet framfor sesongen var eit besøk på 70.000 innan utgangen av året. Det ligg dei godt an til å klare med god margin.

– Talet er basert på kva vi trur er potensialet, seier han – men vil ikkje avsløre kva for besøk dei treng for å gå i balanse.

(saka held fram under)

Romsdalsgondolen restaurant eggen foto romsdalsgondolen på facebook 11
RESTAURANT EGGEN: Ikkje stort å utsette på utsikta frå restaurant Eggen på toppen av fjellet Nesaksla. Foto: Romsdalsgondolen på Facebook
Vi er optimistiske og trur trafikken vil ta seg opp neste år
Pål Ragnar Amundsen

Ventar auke med cruisetrafikk
Det har naturleg nok vore flest nordmenn som har teke turen til topps med Romsdalsgondolen så langt. Men attraksjonen kan truleg vente auka besøk når cruiseturismen tek seg opp. Førre «normalår» i 2019 hadde Åndalsnes anløp av nær 90.000 cruisepassasjerar.

– Årets cruisesesong er meir eller mindre over, men vi er optimistiske og trur trafikken vil ta seg opp neste år, seier Amundsen.

Sjølve gondolbana er kring 1.700 meter lang og går opp til 694 meters høgde.

Prislappen for investeringa skal vere på kring 280 millionar. NETT NO har tidlegare omtala korleis bygginga av den nye attraksjonen har gitt oppdrag for ei rekke lokale bedrifter.

Også høge besøkstal i Loen
Loen Skylift i Stryn har sin femte sesong i drift. Dagleg leiar Richard Grov fryktar ikkje konkurransen frå Romsdalsgondolen, og kan konstatere at besøkstala har halde seg på rekordnivå i sommar.

– Konkurranse er berre sunt og gjer at alle skjerpar seg, seier Richard Grov til NETT NO.

Etter at dei trudde «maksnivået» låg på kring 35.000 besøkande i juli månad, blei dei teke på senga då heile 57.000 personar tok turen i fjor.

I år vart trafikken litt lågare, men gondolbana tok likevel 49.000 besøkande i juli. Besøkstala betyr at fleire enn 1500 personar i snitt tek turen til topps ved fjellet Hoven dagleg.

– Vi er veldig godt nøgd. Investeringane vi har gjort, har fullt ut svart til forventingane. Besøket har også vore jamnt fordelt, og august har starta flott, fortel Grov.

So langt har Loen Skylift hatt 85.000 besøkande i år.

(saka held fram under)

Loen skylift foto Lars Korvald 11
HAR BYGD UT: Restaurant Hoven på toppen av Loen Skylift blei bygd ut framfor sesongen og har bidrege til auka omsetning for Grov-selskapa. Foto: Lars Korvald

«Fantastisk» overnattingsbesøk
Dei andre reiselivsbedriftene til Grov har også fått nyte godt av pågangen av besøkande til Loen-bygda. Restauranten Hoven på toppen av fjellet blei før sesongen utvida med 60-70 sitjeplassar, som har gitt auka omsetning her.

– Auka kapasitet ved restauranten har vore ei lukke for dei besøkande, som får den opplevinga dei ventar, fortel Grov.

Richard Grov er også eigar og hotellvert ved Alexandra-hotellet. Her har dei hatt ein ny sommar med rekordhøgt besøk.

– Turistbesøket til Loen har vore heilt fantastisk når det kjem til overnatting. Hundre prosent er hundre prosent, seier han om belegget ved hotellet.

Publisert: 11.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 11.08.2021 06:11

Mer om