Sulagondol innfelt jim arve røssevoll illustrasjon snøhetta 22
ALDRI OPPLEVD LIKNANDE: Ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) fortalde at han aldri hadde opplevd liknande engasjement kring ei sak. Illustrasjon/skjermdump: Snøhetta/Sula kommune-tv
Nytt

Fleirtal for Sulagondolen

Fleire enn 500 personar følgde med via sosiale medier då kommunestyret sa ja til å starte regulering.

Marius Rosbach
06.05.2021

Ved 19-tida torsdag kveld blei det klart at kommunestyret i Sula kom til å gi klarsignal for å starte områderegulering for Destinasjon Sulafjellet.

Øystein Båtnes (Frp) la fram forslaget på vegner av Høgre, Sulalista og Krf, som godkjenner å gå vidare med arbeidet med utgangspunkt i den nye traseen som er føreslått.

Dei tre partia har 16 av 29 representantar i kommunestyret, og sikrar dermed eit fleirtal. I vedtaket ville partia ha med eit punkt om at utbyggjarane skulle gå i ein «positiv dialog» med dei som blir råka.

Etter ei pause til klokka 19.45 kom kommunestyret tilbake for å gjere vedtaket. 21 representantar stemte for fellesforslaget like før møtet blei heva ved 20-tida.

Venstre og SV la fram eit forslag om å stanse prosessen, men nådde ikkje fram.

– Aldri opplevd eit slikt engasjement
Ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) fortalde at også dei hadde jobba med eit liknande forslag, men at dei ikkje kom til å legge fram dette, etter at dei blei kjent med forslaget frå Høgre, Frp og Sulalista.

Ordføraren mana til å ha respekt for at folk har ulike meiningar, og viste til at saka hadde splitta lokalsamfunnet på ein måte han ikkje har opplevd i sine 30 år i politikken.

– Eg har aldri opplevd eit slikt engasjement som i denne saka, sa han og la til at han hadde fått fleire e-postar og innspel enn han hadde klart å lese.

Fleire enn 500 følgde møtet
Meldingane til Røssevoll kom både frå bekymra innbyggjarar og dei som synest planane er spennande.

– Eg håpar at vi som lokalsamfunn etterpå kan møte kvarandre utan å slå blikket ned, sa ordføraren og meinte det elles ikkje vil vere verdt prisen.

Fleire enn 500 følgde med på direktesendinga på kommunen si Facebook-side, inkludert Knut Flakk sjølv.

Startskotet på prosessen
Det blei understreka at dagens vedtak er første steg på vegen til det som kan bli den største reiselivssatsinga i regionen. Detaljar om korleis gondolen kan bli bygd, blir utgreia seinare og må i tilfelle opp til ny politisk behandling.

I førre runde sa politikarane sa ja til regulering, men nei til gondol-traseen Flakk Gruppen har jobba med. Difor er har utbyggjarane lagt ei nytt forslag på bordet.

Den nye traseen går søraustover frå Devoldfabrikken, over Hargaugen mot ein mellomstasjon nordvest for Svanshornet, før den går sørvest mot Rundhornet.

Knut Flakk fortalde til NETT NO før kommunestyremøtet at han trur kostnaden på prosjektet vil ligge på nærare 450 millionar kroner. Til samanlikninga kosta det drygt 300 millionar kroner å bygge Loen Skylift i Stryn.

Sjå sakspapira (ekstern lenke) og les meir om saka under:

Publisert: 06.05.2021 19:33

Sist oppdatert: 06.05.2021 20:14

Mer om