Han er frå Stryn, har hovedkontor i Ålesund, men styrer suksess-selskapet Cantor frå avdelingskontoret i Rådhusgata i Oslo.
I 2014 omsette selskapet for 25,4 millionar kroner, opp frå 22,7 millionar i 2013.
Resultatet før skatt enda på rekordgode 8,5 millionar kroner, opp frå 6,5 millionar kroner året før.
- Selskapet har i 2014 hatt eit godt resultat, vert det konstatert i styret sin årsrapport.
Maestro Partner heitte selskapet då. No er namnet Cantor, og Helge Bøe har vorte eineeigar etter at han kjøpte ut Michaelsen då han vart pensjonist.
Kvart år sidan starten har selskapet gått med overskot.
No ventar det eit konsernbidrag på 6,2 millionar kroner til selskapet Hebco, som eig Cantor. Hebco er Bøe og familien sitt selskap.
- Cantor har ei stabil kundemasse på sitt hovedprodukt, fastslår styret.
Cantor utviklar og sel økonomistyringssystem for revisorar, rekneskapsførarar og bedrifter i Norge.
Systemet dreier seg om alt frå budsjettplanlegging og budsjettrapportering til innrapportering til Brønnøysund og produksjon av analyser og statistikkar.
Styret meiner framtida ser lys ut.
- Etterspørselen etter selskapets produkt og tenester er god, vert det fastslått.
I Cantor er det i dag ti tilsette fordelt på Ålesund og Oslo. Tre av dei tilsette er kvinner.
I eit i april 2014 opplyste Bøe at det har vore fleire beilarar til selskapet. Men sal er ikkje tema.
- Nei, målet er å vekse vidare og halde fram med å byggje stein på stein.
Han såg då heller ingen logikk i å selje selskapet.
- Det her dreier seg trass alt om å skape seg ein arbeidsplass som ein sjølv synst er interessant og som ein trivst med.
I 2014 omsette selskapet for 25,4 millionar kroner, opp frå 22,7 millionar i 2013.
Resultatet før skatt enda på rekordgode 8,5 millionar kroner, opp frå 6,5 millionar kroner året før.
- Selskapet har i 2014 hatt eit godt resultat, vert det konstatert i styret sin årsrapport.
Hoppa av Sparebanken Møre
Det var i 1993 at Bøe og kompanjongen Arnfinn Michaelsen av ein sikker og god jobb i Sparebanken Møre, og starta sitt eige selskap med fokus på økonomi- og datastyring for bedrifter.Maestro Partner heitte selskapet då. No er namnet Cantor, og Helge Bøe har vorte eineeigar etter at han kjøpte ut Michaelsen då han vart pensjonist.
Kvart år sidan starten har selskapet gått med overskot.
No ventar det eit konsernbidrag på 6,2 millionar kroner til selskapet Hebco, som eig Cantor. Hebco er Bøe og familien sitt selskap.
Stabile kundar
På kundelista til Cantor finn ein rundt 1000 kundar, mellom anna ei rekkje store norske selskap. Også fleire selskap på Nordvestlandet brukar Cantor.- Cantor har ei stabil kundemasse på sitt hovedprodukt, fastslår styret.
Cantor utviklar og sel økonomistyringssystem for revisorar, rekneskapsførarar og bedrifter i Norge.
Systemet dreier seg om alt frå budsjettplanlegging og budsjettrapportering til innrapportering til Brønnøysund og produksjon av analyser og statistikkar.
Lys framtid
Selskapet driv også med kurs og opplæring.Styret meiner framtida ser lys ut.
- Etterspørselen etter selskapets produkt og tenester er god, vert det fastslått.
I Cantor er det i dag ti tilsette fordelt på Ålesund og Oslo. Tre av dei tilsette er kvinner.
I eit i april 2014 opplyste Bøe at det har vore fleire beilarar til selskapet. Men sal er ikkje tema.
- Nei, målet er å vekse vidare og halde fram med å byggje stein på stein.
Han såg då heller ingen logikk i å selje selskapet.
- Det her dreier seg trass alt om å skape seg ein arbeidsplass som ein sjølv synst er interessant og som ein trivst med.
Etterspørselen etter selskapets produkt og tenester er god
Publisert: 31.03.2015 09:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43