Torsdag fekk han 10 tonn sukker levert
STRANDA: Det er store mengder råvarer og krevjande logistikk ved lefse- og pizzafabrikkane på Stranda. Einar Arve Nordang er logistikksjef for Orkla Foods Norge, avdeling Stranda.  
Nytt

Torsdag fekk han 10 tonn sukker levert

Det varer ein månad. Men det er små mengder samanlikna med osteforbruket. 

Kristin Vidhammer
06.11.2015
Einar Arve Nordang er logistikksjef ved Orkla Foods Norge sine fabrikkar på Stranda. Medan sukkeret går til Vestlandslefsa, går osten til Grandiosa og BigOne-pizza. Opp mot 4600 tonn ost går med i produksjonen av omlag 35 millionar pizza per år på Stranda.
Dersom det er maksimal produksjonen av alle linjene av Grandiosa-pizza, vil det kvar dag gå med 33 tonn mjøl, 28 tonn ost, 26 tonn kjøt og 6 tonn tomatkonsentrat ifølgje Nordang.
- Vi bruker for ein kvart milliard kroner i året i ost. 4600 tonn ost per år tilsvarer faktisk 230 millioner kroner i inntekter til melkebøndene, sier han.

Mykje norske råvarer

Dette betyr at ca. 300 gardsbruk vil vere engasjert for å kunne dekke opp osteforbruket til dei to pizzafabrikkane på Stranda.
Mjølet blir køyrt frå Vaksdal, der kornet blir kverna. 200 vogntog per år køyrer mjøl til fabrikkane på Stranda.
- Også kjøtet er norsk, vi får det ferdig bearbeida og smaksett frå fabrikken vår i Fredrikstad. Men vi kjøper ein del spekepølse frå Tind også til pizzaen, sier han.
Dei kjøper norske råvarer når det er eit alternativ.
- Men når det gjeld tomat og paprika, er det ikkje nok produksjon her til lands. Så vi kjøper tomatpure frå California hovedsakleg, men også ein del frå Spania og Portugal. Tomatpureen kjem i containarar til Ålesund, og blir køyrd hit til Stranda.

Produksjonsplanlegging

Når det gjeld produksjonen, har dei fem forskjellige linjer. Det er to produksjonslinjer med pizza på fabrikken på Sløgstad, to produksjonslinjer på fabrikken i Svemorka og ei produksjonslinje med lefse på den nye fabrikken som også ligg i Svemorka.
- Vi planlegg produksjonen på dei fem linjene, og forsøker å jevne det ut over tid. Tru det eller ei, men pizzasalg har sesong. Det er i vinterhalvåret at forbruket er størst, seier han.
Kundane hentar dei ferdige varene sjølv.
- Kundane våre er Coop, Norgesgruppen og Rema. Det er logistikksynergier mellom lefse og pizza, og slik at vi kan utnytte ledig transportkapasitet på bilane, sier Nordang.

Logistikksynergiar

Til dømes kjem Rema i Bergen til faste dager og henter, og uansett om bilen då er full eller ikkje.
- Fleire produkt frå Stranda er gunstig for kundane våre fordi fraktutgiftene ikkje går så veldig mykje opp. Ein utnyttar ledig kapasitet som ein uansett har betalt for, seier Nordang.
Utpå våren vil et nytt pizzafryseri stå klart i Svemorka. Då kan dei utekspedere alt frå Stranda, dette i motsetning til i dag då det blir ein del unødig køyring mellom lokaliteter.

35 år med eventyr

- Det har vore 35 år med fantastisk vekst her på Stranda. Omsetningsverdien på berre Grandiosa-pizza er 900 millioner kroner i året ut i butikkene, i tillegg lager vi BigOne-pizza. Vi produserer over 20 millioner Grandiosa-pizza per år, og inkludert BigOne og andre variantar, produserer vi 35 millioner pizza i året, seier Nordang.
15 prosent vert eksportert, desse går til Finland og Sverige.
- Vi bruker for ein kvart milliard kroner i året i ost

Publisert: 06.11.2015 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49