NPK: Nyvinninga er utvikla av Tromsø-firmaet Polybait, og forskarar ved Nofima meiner no produktet har greidd overgangen frå laboratorium til industrialisering.
– Forskinga viser at 60 gram av dette produktet har same effekten som eitt kilo sild nytta som agn. Med andre ord skapar dette eit mykje meir berekraftig fiske, seier seniorforskar i Nofima Sten Siikavuopio i ei pressemelding.
Agnet er produsert ved bruk av restavfall frå fiskeproduksjon, og det er lukta frå dette som tiltrekk seg fisken. Det er biologisk nedbrytbart og ureinar ikkje.
Lukte-agnet har vore i sal for fritidsfiskarar sidan i fjor, då som ein krem. Varianten for linefiske vert laga som ein kabel fiskarane sjølve kan kutta opp når dei egnar linene.
– Forskinga viser at 60 gram av dette produktet har same effekten som eitt kilo sild nytta som agn. Med andre ord skapar dette eit mykje meir berekraftig fiske, seier seniorforskar i Nofima Sten Siikavuopio i ei pressemelding.
Agnet er produsert ved bruk av restavfall frå fiskeproduksjon, og det er lukta frå dette som tiltrekk seg fisken. Det er biologisk nedbrytbart og ureinar ikkje.
Trur på fiskerevolusjon
Feltforsøka så langt har særleg vore retta mot torsk. I haust startar storskalaforsøk med linefiske, og om dei er vellukka meiner Nofima det vil kunna revolusjonera dette fisket.Lukte-agnet har vore i sal for fritidsfiskarar sidan i fjor, då som ein krem. Varianten for linefiske vert laga som ein kabel fiskarane sjølve kan kutta opp når dei egnar linene.
Med andre ord skapar dette eit mykje meir berekraftig fiske
Publisert: 05.08.2014 10:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36