Torstein heggstad
NY SJEF: Frå 1. mars er Torstein Heggstad toppsjef i Maritime Partner, når mangeårig leiar Peder R. Myklebust går over i ei anna stilling. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Går frå bank til bølgjer

Torstein Heggstad sluttar i Sparebanken Vest. Skal leie Ålesund-bedrift i maritim bransje.

03.02.2023

1. mars er første arbeidsdag som toppleiar i Maritime Partner for Torstein Heggstad.

I 2021 fekk han jobben med å bygge opp Sparebanken Vest sitt nye kontor i Ålesund. I fjor sommar rykka han opp i konsernleiinga i banken med ansvar for bedriftsmarknaden.

Heggstad kom til Sparebanken Vest frå stillinga som sjef hos Eivind Volstad-selskapet, Volstad As, som hausten 2020 selde sin siste båt, trålaren Volstad. Tidlegare hadde dei seld ut heile offshoreflåten i reiarlaget.

Tilbake i maritim bransje
No går Torstein Heggstad tilbake til maritim bransje og Maritime Partner som har kontor og produksjonslokale i Breivika i Ålesund.

Der lagar selskapet arbeidsbåtar og redningsbåtar for olje-, vindkraft- og oppdrettsbransjen, skyss- og ambulansebåtar, sightseeingsbåtar, båtar for brann- og havnevesenet - og også militære patruljebåtar.

- Det som gjer at ein vel å hoppe av var eit ønskje om å ha fast arbeidsstad i Ålesund. Eg har fått lært mykje i Sparebanken Vest om leiing og leiingsfilosofi. Å få bruke det i maritime næring her på Sunnmøre det var veldig freistande, seier Heggstad.

Eg har fått lært mykje i Sparebanken Vest om leiing og leiingsfilosofi
Torstein Heggstad

Trappar ned med god ordrereserve
Medeigar, og snart avtroppande dagleg leiar, Peder R. Myklebust (66) i Maritime Partner, seier det lenge har vore ein plan at han skal gå over i ei anna stilling i selskapet slutten av arbeidskarrieren.

Dei omlag 45 tilsette i selskapet har full orderbok til ut på hausten. For året samla er allereie 80-85 av produksjonskapasiteten bunden opp til avtalte oppdrag. Ordrereserven er på omlag 300 millionar kroner.

- Vi er veldig fornøgd med ordrereserven, seier Myklebust.

Publisert: 03.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 02.02.2023 22:54

Mer om