Marita Løvik Stadsnes Jan Rune Hurlen Sparebank1 SMN foto Sparebank 1 SMN
VEKT: Både privat-og bedriftsmarknaden har tosifra utlånsvekst på Sunnmøre, men Sparebank1 SMN si avdeling på Sunnmøre er framleis størst på næringsliv. Marita Løvik Stadsnes er regionbanksjef, Jan Rune Hurlen er leiar for bedriftsmarknaden i Sparebank1 SMN på Sunnmøre. Foto: Sparebank1 SMN.
Nytt

Tosifra utlånsvekst for Sparebank1 SMN

Sparebank1 SMN si avdeling på Sunnmøre starta som forretningsbank, men dei siste åra er det privatkundemarknaden som veks raskast.

11.08.2022

Sparebank1 SMN tok over Glitnir i Ålesund i 2008, ein bank som først og fremst var retta mot næringslivet.

Det gjorde at Sunnmørs-avdelinga Sparebank1 SMN har skild seg ut frå typiske sparebankar, der utlån til privatkundar er den største delen av verksemda.

Regionbanksjef Marita Løvik Stadsnes i Sparebank1 SMN på Sunnmøre seier det vart sett fart på personkundesatsinga frå 2016, og det har gitt god uttelling dei siste åra.

22 prosent vekst
Løvik Stadsnes anslår at Sunnmørsavdelinga til Sparebank1 SMN no har ei fordeling av utlån til private og bedrifter på 30/70.

Det er utlånsvekst i begge marknader, men skilnaden minkar fordi utlånsveksten er størst i privatkundemarknaden. I siste 12-månadarsperioden auka utlåna til privatkunder på Sunnmøre med 22 prosent, medan utlåna til bedrifter auka 12. Hittil i år er utlåna til private opp 12 prosent og 10,1 prosent til bedriftene.

Blir det samanslåing med Sparebank1 Søre Sunnmøre, slik bankane har inngått intensjonsavtale om, blir privatkundemarknaden med eitt slag størst også på Sunnmøre.

Tilbakeføre tapsavsetningar
Sparebank1 SMN lai dag fram halvårsrapporten for 1. halvår 2022.

Les børsmelding frå Sparebank1 SMN her

- Resultatet er uttrykk for ei solid underliggande drift, og at vi har mesteparten av aktiviteten i ein region som er lite berørt av sterke internasjonale svingningar. I tillegg er det svært gledeleg å sjå at offshorenæringa har betre utsikter etter å ha slite ei lang periode, slik at vi kan tilbakeføre noko av tapsavsetningane, seier leiar for bedriftsmarknaden på Sunnmøre, Jan Rune Hurlen, i ei pressemelding.

Sparebank1 SMN
1. halvår. I mill. kroner20222021
Inntekt32203464

Resultat før tap

17001933
Resultat før skatt17481836
Sparebank1 SMN
2. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt15901716
Driftsresultat832981
Resultat før skatt880942

Publisert: 11.08.2022 13:30

Sist oppdatert: 11.08.2022 14:29