- Det vart etter kvart vel mykje politikk, og litt lite fokus på næringsutvikling, seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad til NETT NO.
Det felles selskapet for Eid, Selje og Vågsøy har tre tilsette, som no mister arbeidet frå nyttår.
- Vi får sjå kva som skjer. Det er ikkje utenkeleg at det blir etablert eigne næringsutviklingsselskap innanfor kvar kommune.
Paulsen Humborstad har vore dagleg leiar i selskapet dei tre siste åra.
- Vi har trass alt fått til mykje i fellesskap. Det er viktig at ikkje alt det gode arbeidet stoppar opp.
- Men økonomien vart krevjande, i tillegg til at kommunereforma gjorde det vanskeleg med samanslåing av Eid og Selje, medan Vågsøy går mot Flora.
- Nei, det har lege litt i korta ein periode, så vi var førebudde, sjølv om det er vemodig.
Det var spesielt næringslivet i Eid og Selje som heldt igjen.
- Næringslivet i Vågsøy signaliserte at dei kunne vere med på å doble tilskotet til selskapet, men stilte som krav at næringslivet i Selje og Eid gjorde det same. Det siste var det ikkje gehør for, og då stoppa det opp.
Styret fastlår mellom anna at selskapet har lide under manglande engasjement frå eigarane og dårleg samarbeid, spesielt etter at arbeidet med kommunerforma vart sett i gang.
Samstundes peikar styret på mange gode resultat som selskapet har oppnådd, mellom anna ved å skape gode møteplassar for næringslivet, ha fellesprosjekt med skular, ha bedriftsutviklingsprosjekt og vere fødselshjelpar til prosjekt som Sagastad, Lefdal Mine Datacenter og hotellplanar i Måløy.
Nordfjord Vekst er eigd 60% av næringslivet og 40% av kommunane. Vekstselskapet vart etablert januar 2012 og er ei vidareutvikling og erstatning av Måløy Vekst som vart etablert i 2006.
Hovudkontoret ligg i Måløy, medan ein har hatt kontordager i Selje og på Eid.
Det felles selskapet for Eid, Selje og Vågsøy har tre tilsette, som no mister arbeidet frå nyttår.
- Vi får sjå kva som skjer. Det er ikkje utenkeleg at det blir etablert eigne næringsutviklingsselskap innanfor kvar kommune.
Paulsen Humborstad har vore dagleg leiar i selskapet dei tre siste åra.
- Vi har trass alt fått til mykje i fellesskap. Det er viktig at ikkje alt det gode arbeidet stoppar opp.
- Men økonomien vart krevjande, i tillegg til at kommunereforma gjorde det vanskeleg med samanslåing av Eid og Selje, medan Vågsøy går mot Flora.
- Ikkje overraskande
Paulsen Humborstad seier at vedtaket på den ekstraordinære generalforsamlinga ikkje kom overraskande.- Nei, det har lege litt i korta ein periode, så vi var førebudde, sjølv om det er vemodig.
Det var spesielt næringslivet i Eid og Selje som heldt igjen.
- Næringslivet i Vågsøy signaliserte at dei kunne vere med på å doble tilskotet til selskapet, men stilte som krav at næringslivet i Selje og Eid gjorde det same. Det siste var det ikkje gehør for, og då stoppa det opp.
Manglande engasjement
Under den ekstraordinære generalforsamlinga i Nordfjord Vekst møttte 46 aksjonærar, som representerte 74,14 av asjane. Samtlege røysta for avvikling, noko som var i tråd med innstillinga frå styret.Styret fastlår mellom anna at selskapet har lide under manglande engasjement frå eigarane og dårleg samarbeid, spesielt etter at arbeidet med kommunerforma vart sett i gang.
Samstundes peikar styret på mange gode resultat som selskapet har oppnådd, mellom anna ved å skape gode møteplassar for næringslivet, ha fellesprosjekt med skular, ha bedriftsutviklingsprosjekt og vere fødselshjelpar til prosjekt som Sagastad, Lefdal Mine Datacenter og hotellplanar i Måløy.
Visit Nordfjord og Stad skipstunnel
Styret peikar også på at det er viktig å halde fram samarbeidet der ein kan, og nemner spesielt samarbeidsarenar som Visit Nordfjord og Stad skipstunnel.Nordfjord Vekst er eigd 60% av næringslivet og 40% av kommunane. Vekstselskapet vart etablert januar 2012 og er ei vidareutvikling og erstatning av Måløy Vekst som vart etablert i 2006.
Hovudkontoret ligg i Måløy, medan ein har hatt kontordager i Selje og på Eid.
Det vart etter kvart vel mykje politikk, og litt lite fokus på næringsutvikling
Publisert: 28.09.2017 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14