Tre av fem til NM-finale for studentbedrifter
Ei bedrift stakk av med alle prisane i Møre og Romsdal - men to til går til landsfinalen.
Onsdag blei det avgjort kven frå Møre og Romsdal som går vidare til landsfinalen i NM for studentbedrifter.
Under ei direktesendt digital sending ble dei klart at det blei storeslem til Hjárni frå NTNU Ålesund, som lagar miljøvennleg og berekraftig garvingsmiddel til industriell produksjon av lær.
Studentbedrifta gjekk til topps i alle kategoriane; beste studentbedrift, beste samarbeid med næringslivet, berekraftprisen og beste videopitch.
Dei går difor vidare til landsfinalen i norgesmeisterskapen 9. juni. Ein jury har bestemt at også studentbedriftene Aquamarine og Pigg går vidare til finalen.
Sjå sending med kåring, intervju og presentasjon av finalistane (ekstern lenke)
Desse bedriftene deltok i Møre og Romsdal:
- Hjárni som lagar miljøvennleg og berekraftig garvingsmiddel til industriell produksjon av lær.
- Aquamarine som utviklar eit meir miljøvennleg gummigranulat for kunstgressbaner.
- Eco Solutions som driv med biologisk lakselusfangst.
- Enkel Retail som har laga ein app for daglegvarehandel for å navigere inne i butikken.
- Pigg utviklar produkt basert på kråkeboller.
Publisert: 21.04.2021 13:59
Sist oppdatert: 21.04.2021 22:32